Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1762)
Kvammen og omegn
- Date:
- 23.03.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:39h
- Distance:
- 2.3km
Eg og søsteren fann ut at været var betre enn meldingane. Så då blei det kortare turar i Kvammenområdet. Først ein tur til Kvernhusvatnet og Lindelivatnet ved Skrovemarkja. Opp til Kverhusvatnet var det heilt OK å gå. Tørt og fint. Men når vi skulle følge stien vidare til Lindelivatnet vart det verre. Skikkelig myrterreng, så vi vart ganske fornøgde med skovalet tross alt. Det er uansett veldig begrensa kor mykje vatn eit par sko kan halde ute. Turen vart relativt kort, så då blei det ein bonustur til Ålahøgda og Storehaugen. Ikkje så godt merka sti, men vi fann ein sti til slutt. Vi prøvde å finne ei anna rute ned for å unngå invasjon av private hagar. Etter nokre minutt i det vi trudde var ein anna sti, fann vi tilbake til den rette stien. Deretter ned på ein ny veg >>>
Våt tur til Gytta
- Date:
- 22.03.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:36h
- Distance:
- 2.1km
Søsteren ringte for å høyre om eg ville være med ein tur til Gytta etter styrkeøkta. Som oftast er det eg som dreg ho med på tur, men denne gongen var det ho som spurte og då må eg nesten takke ja, sjølv om været ikkje akkurat er det beste. Det vart ein serdeles våt tur til Gytta. Men som det heiter: du angrer aldri på ein tur. Gytta er tross alt ein fin tur dersom været ikkje er det beste.
Dyreheia
- Date:
- 20.03.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 0:58h
- Distance:
- 2.9km
Skjerveholten - skogstur med utsikt
- Date:
- 19.03.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:40h
- Distance:
- 2.2km
Det var meldt regn i dag. Og nokre dropar kom då vi køyrde frå jobb. Men ikkje ein drope frå oven då vi gjekk på turen. Faktisk ganske så fint å gå.
Annatjønna
- Date:
- 18.03.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:03h
- Distance:
- 4.7km
Ein relativt lett tur etter gårsdagens sjufjellstur.
Sjufjellstur Askvoll
- Date:
- 17.03.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:58h
- Distance:
- 16.5km
Vindfull dag i dag. Fann ut at eg ville ta ein pause frå snøen og få meg ein snøfri tur. Hadde sett at det var svært lite snø i Askvoll, så då tok eg ein tur dit. Starta opp mot Fristadfjellet og hadde ein liten pause der før eg gjekk vidare. Då eg var komt opp på Smørkletten fulgte eg tråkk nedover og oppdaga at Sjufjellsturen eigentleg hadde ei litt annarute mellom Smørkletten og Hjartåsen. Då eg oppdaga det var det gått ei stund, så eg fann ut eg kunne berre fortsette ned mot Askdalen og deretter opp til Hjartåsen. Fulgte ruta til sjufjellsturen vidare til Siktanuten og Blåfjellet. Ein fin runde, sjølv om det var litt is innimellom.
Veten
- Date:
- 16.03.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:37h
- Distance:
- 9.6km
Etter møte på Gloppen hotell nytta eg sjansen til å komme meg ut i sola for å besøke ein ny topp. Parkerte ved bommen og gjekk opp merka rute til Veten Fin sti stort sett heile vege opp. Siste stykket var snødekt, men greitt å gå. Sikta meg inn på det eg trudde skulle være ruta ned til Røsskleivvatnet. Og det var ein del meir snø ned den ruta enn den ruta eg tok opp. Sikta meg vidare på sti mot Eidsstølen. Der det var enda meir snø å søkke gjennom. Tok traktorvegen ned frå Eidsstølen og det var då eg fann ut at det hadde vore ein ide med broddar, sjølv om eg klarte meg utan.
Liafjellet
- Date:
- 13.03.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:30h
- Distance:
- 1.8km
Det regnar og då er det greitt å ha ein litt kortare tur. Så Liafjellet var greitt å ta. Litt snø i stien, men ellers greitt å gå.
Gytta på bursdagstur
- Date:
- 12.03.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:33h
- Distance:
- 2.1km
Måtte ha ein liten trimtur på bursdagen sammen med søsteren.
Vi fann ut at vi skulle ta med eit par stokkar også oppover. Jammen gjev desse stokkane litt ekstra trim. Kjente det godt ei god stund. Godt med ekstra trim når turen ikkje er så lang.
Fagredalen
- Date:
- 11.03.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:04h
- Distance:
- 4.5km
Ettermiddagstur til Fagredalen frå Skilbrei. Parkerte der eg vanlegvis har parkert, men blei vist til parkeringsplassen som er lagd berre nokre meter før siste garasjen.