Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1762)
Halbrendsstølen
- Date:
- 01.12.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 3.9km
Fann ut eg måtte ta ein tur ut før regnet for alvor starta. Møtte eit par turgåarar som anbefalte å snu. Og grunnen var at heile vegen var polert med is. Det var likevel ikkje verre enn at eg gjekk langs grøfta og det gjekk heilt fint. Uansett var det ein fin start på adventstida.
Morgontur i Bergen
- Date:
- 26.11.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 7.4km
Sjønakletten
- Date:
- 17.11.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 3.3km
Nok ein regnværsdag i dag. Vi begynner snart å bli litt værsjuke av alt det regnværet som har komme denne hausten. Søsteren inviterte på tur og eg foreslo Sjønakletten ettersom det er litt mykje snø i høgda. Det var ein del sludd på vegen, men då vi parkerte hadde det nesten letta. Då vi kom gjennom skogen hadde det letta heilt og eg kjenner at humøret stig berre det sluttar å regne.
Ein flott tur når været ikkje er det beste. Det er trass alt ein ganske tørr sti, sjølv om det har regna ein del i det siste. Absolutt ein prima tur på ein slik dag.
Hafstadfjellet
- Date:
- 16.11.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:28h
- Distance:
- 10.4km
Etter ei natt med heftig regn, såg det an til at det gjekk å ta seg ein tur. Litt snø på vegen, men ikkje meir enn at det gjekk fint å gå.
Ein del vind og hagl det siste stykket gjorde turen litt meir utfordrande. Litt skiftande vær gjorde at då eg kom på toppen var det ikkje akkurat så veldig flott utsikt, faktisk ingen utsikt i det heile.
Flaksen var at då eg kom trygt nedatt i bilen starta lyn og torden
Halbrendsstølen
- Date:
- 14.11.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:28h
- Distance:
- 6.3km
Søsteren inviterte på tur i nabolaget. Ho hadde lova å gå tur med nabohunden ettersom eigaren ikkje kunne. Det viste seg litt enklare sagt enn gjort. Veldig fin hund, ikkje så mykje støy og uro med den og heilt fin å gå hund med. Eit lite problem var at han hadde ein smule separasjonsangst, så når vi kom langt nok unna heimen, var han klar til å snu. Søsteren klarte likevel å overtale den til å bli med vidare.
Vi kom oss opp til Halbrendsstølen og fekk ein liten pause før vi gjekk tilbake. Då var det som om hunden hadde fått ein rakett. Han pilte av gårde, så det var nesten umogleg å halde følgje.
Ein retterleg underhaldande tur.
tur på Hamar
- Date:
- 08.11.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:47h
- Distance:
- 15.3km
Landsmøte i Nei til EU på Hamar. Reiste litt vel tidleg av gårde, så då blei det moglegheit for å ein tur på Hamar.
Ikkje akkurat så mykje utsikt denne dagen. Vi reiste frå Førde i klårvær og kom til austlandet med tåke. Fint terreng i skogen ved Hamar.