Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Loddo og Adlesi

Date:
18.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
6.5km

Vi starta frå hotellet og reiste mot Krokeide og tok ferga over til Austevoll. Følelsen av å treffe maks på turmål med tanke på vær, kunne ikkje vore betre. Fjorden var so og seie blikkstille, det gjekk an å være ute på dekk og berre nyte varmen frå sola og utsikta utover sjøen og havet og med vissheit om at været heime kanskje ikkje var det beste. Det var på tide med ny dagsturhytte: Adlesi i Austeoll, bonusen er at vi då besøkte Austevoll sitt høgaste punkt. Vi parkerte ved god parkeringsplass og fulgte gruslagt sti fram til stiskille. Vi valte den lengste ruta opp ettersom den skulle være minst bratt (trudde eg). Vi fulgte merka rute opp og det var stort sett lettgått, med unntak av ei bratt kneik. Det var for såvidt fint å gå oppover. Tårnet på Loddo er nok laga >>>

Map    

Prestakvile

Date:
17.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:06h
Distance:
8.6km

Værmeldingane heime var ikkje dei beste, så då var det best å komme seg nærare finværet. Vi vende nasen sørover i fylket og fann ut vi kunne besøke nokre dagsturhytter i gamle Hordaland. Vi starta på onsdag ettermiddag/kveld med dagsturhytta i Samnanger ettersom den skal være lett å gå. Vi parkerte ved kyrkja og fulgte god veg og vidare på sti til dagsturhytta. Denne låg fint til ved Kvernesvatnet og det er mogleg å låne kano gratis for dei som ønskjer det. Det gjekk sti vidare forbi hytta og vidare til Hellenaustet og Skutevika. Vi tok likegodt å besøkte begge vikene. Det var tørt og fint å gå til dagsturhytta, ikkje så tørt og fint vidare, men ellers greitt å gå. I Skutevika var det fint å bade også, så vi tok ein dukkert før vi vende nasen tilbake til bilen >>>

Map    

Bondehaug

Date:
16.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:21h
Distance:
5.5km

Det var meldt betre vær i indre Sogn enn i Sunnfjord. Vi tok dermed turen til Luster og Bondehaug. Lettgått tur, som sikkjert hadde vore fint å ta med born på. Nydeleg vær vart det også.

Map    

Skaranipa

Date:
15.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:31h
Distance:
5.8km

I følge værmeldingane så skulle det være opplett på Stavøya. Vel... værmeldingane tok i alle fall feil. Men når eg har køyrt så langt for å gå tur, så blir det tur anten det er regn eller ikkje. Det starta med litt yr som etterkvart gjekk over til regn. Og så urutinert som det går an å bli å ikkje ta med regntøy. Men men ein angrar aldri på ein tru. Einaste var at då eg kom tilbake til Førde så stråla sola og eg vart nesten frista til å ta ein bonus tur denne dagen, men det blei det ikkje.

Map    

Klauvekeipen

Date:
14.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
9.0km

Flott vær denne dagen. Turen gjekk til Klauvekeipen, sidan det var ei stund sidan sist. Det er noko med utsikta når ein kjem så langt ut mot havet. Konstrastane mot fjella lenger aust og havet i vest gjer at det er vakkert og mektig.

Map    

Nordheia

Date:
13.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:51h
Distance:
3.8km

Etter ein lang dag i bil, var det greitt å komme seg på ein liten tur.

Map    

Kvernberget, Kristiansund

Date:
09.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:51h
Distance:
3.4km

Etter å ha besøkt Kristiansund by, så er det greitt å besøke "byfjellet" også. Flott utsikt over Kristiansund frå toppen. Det går ei trapp opp, men vi valte å gå stien. Den er vel så fin som trappene.

Map    

Litledalsvatnet

Date:
07.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:25h
Distance:
5.9km

Map    

Kleppsåsen

Date:
06.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:15h
Distance:
4.0km

Roleg tur med mannen

Map    

Kvamstølsvatnet

Date:
05.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:42h
Distance:
8.9km

Tur til Fosstølen og vidare opp til Kvamsstølsvatnet. Noko blaut tur.

Map