Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Årets siste tur

Date:
31.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
4.0km

Tenk at vi faktisk kunne få litt finvær på årets siste dag. Absolutt nydeleg vær. Litt kaldt men kanskje julas finaste dag??? Hadde litt flaks med tanke på at nokon gjekk opp turen med truger, slik at turen vart mykje lettare å gå. Kan ikkje klage på det.

Map    

Nordheia/Djupviknipa

Date:
30.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
4.0km

Fint denne dagen, sjølv om eg bomma litt på timingen.

Map    

Olsetåsen

Date:
29.12.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:27h
Distance:
1.5km

Bonustur i Askvoll. Fin og kort tur.

Map    

Straumsåsen

Date:
29.12.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
3.2km

Lysare i ytre enn i indre. Fin tur i lågt terreng.

Map    

Nerviknipa

Date:
28.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:31h
Distance:
3.9km

Værmeldingane var ikkje dei beste (igjen). Så vi testa ut ein ny tur denne dagen, som ikkje skulle være så lang. Erfaringane mine tilseier også at det er ofte mindre regn ut mot kysten, så då fall valet på Flokeneset. Vi hadde litt problem med å finne ut kvar stien starta ettersom beskrivelsane vi fann var litt vage: eit busstopp langs FV609 og gjennom ei grind. I tillegg skulle det være oransje merke langs stien. Vi parkerte ved det busstoppet vi fann ut det måtte være og fulgte ein sti gjennom ei grind og over ei myr. Etter kvart kom dei oransje merka til syne og det var relativt enkelt å følgje oppover lia. Det har kome meir enn nok regn den siste tida, så det å halde seg tørr på beina er eit ikkje-tema. Av samme grunn er det fare for glatte steinar og berg også. Stien >>>

Map    

Liafjellet

Date:
27.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:17h
Distance:
10.0km

Litt grå dag, men ikkje verre enn at det var mogleg å gå ut utan å verte dyvåt. Liafjellet er fint å gå ettersom det er relativt lett start. Litt bratt og vanlegvis fin utsikt. Vel... i dag var det kanskje ikkje den beste utsikta frå toppen, men vi fekk no litt utsikt lenger nede. Godt med frisk luft uansett.

Map    

Rivedalskletten

Date:
26.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:18h
Distance:
7.4km

Romjulstur med Anne. Vi fulgte traktorvegen opp til dammen og sti vidare derfrå til Lisetstølen. Vi gjekk derfrå tilbake over elva og sikta oss opp mot Leitet og derifrå tok vi til venstre opp til toppen av Rivedalskletten. Retur ned til Leitet igjen og fann eit tråkk ned mot Rivedalsstølen. Sti ned frå stølen og tilbake til bilen. Fin rundtur, sjølv om merkinga kunne vore betre.

Map    

Juletur til Gytta

Date:
24.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.2km

Då var julafta her. Det er godt med ein liten luftetur ut i dagslys og det var faktisk ikkje så verst vær, berre bittelitt yr. Ein bitteliten pause i ein av stolane i gapahuken ved Gytta gjorde seg før eg skulle heim å sette på julegrauten og følge resten av tradisjonane vi har på julafta.

Map    

Brandsøyåsen

Date:
23.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:11h
Distance:
3.9km

Endeleg ein dag med litt solskinn. Det er noko med dei dagane der sola faktisk kjem fram og kan gje litt ekstra energi. Utfordringa vert då å finne ein tur der ein verkeleg kan nyte finværet. Og no når det kanskje er litt ubestemmeleg føre, så er det ikkje berre enkelt. Ettersom eg hadde eit julekort som ikkje var sendt, så kombinerte vi ein liten tur på Brandsøyåsen med levering av eit av dei siste julekorta.

Map    

Havreheia

Date:
22.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
12.9km

Værmeldingane var ikkje så altfor verst og når vi har blitt vant til litt av kvart av vær denne hausten, så er vi ikkje så kresne på været lenger. Det er faktisk blitt slik at vi oppfattar at det er opplett sjølv om vi registrerer nokre dropar. Uttrykk som: "no regnar det ikkje SÅ mykje lenger" og vi klarer å glede oss over det. Så var det å finne eit turmål der ein ikkje må vasse i snø til knea, så då valte vi oss Havreheia ved Dale. Vi parkerte ved vassverket. Det var rett nok ikkje så mykje regn og snø på turen, men ikkje så ille at vi vurderte å stå over. Vi fulgte rundtturen på ut, men tok opp til Høgefjellet, som er merkt sti. Litt motvind på toppen frå Høgefjellet og over til Havreheia. Det finns ein annan sti nedatt slik at det hadde vert ein >>>

Map