Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1804)
Grøskarfjellet
- Date:
- 05.07.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 12.9km
Starta ved parkeringsplassen ved Befringsdalen. Traff på ein kar som skulle opp til Kvannbakkbu/Kvannbakknova. Så vi slo følge. Kjekt med prat om laust og fast. Fulgte godt merka rute opp til Strupen, ettersom dette er merka på grunn av årets fjelltrimpost, som er Strupen. Tok opp til venstre etter strupen. Etter nokre få høgdemeter etter Strupen passerte eg et berg og gjekk til venstre opp eit skar. Etter dette gjekk eg litt til høgre og kom meg greitt opp til toppen. Gjekk heilt bort til varden på Grøskarfjellet.
Som gårsdagen var det litt tåke på toppen. Eg håpa at tåka skulle lette, slik at utsikta kom fram. Den letta delvis, men ikkje nok til at sola varma då eg var på toppen. Funderte også på om eg skulle gå vidare mot Daurmålsnipa og ned dalen mellom Grøskarfjellet >>>
Kjeringafjell
- Date:
- 04.07.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:30h
- Distance:
- 23.1km
Noke grå vermeldingar i Sunnfjord og betre i Sogn, gjorde at eg valte Sogn denne dagen.
Reiste greitt tidleg frå Førde, men på grunn av vegarbeid 4 stader, vart turen noko forseinka. Starta ved Kleppa med godt mot og fann ut eg skulle ta ein tur innom dagsturhytta først. Derfra trudde eg at eg sikta meg inn på ein sti, men skogen lurte meg noke. Så det blei litt fram og tilbake før eg klarte å peile meg inn på ein sti som førte meg framover mot Kjeringafjell (derav den "klønete" starten). Då eg endeleg fann ruta, gjekk det greitt oppover. Stien er grei å følge utan å være for bratt. Men merkinga er så som så. Nokre stader er det merka med Kjeringafjell, medan andre stader er det heilt utelatt. Oppe ved Kallbakk fulgte eg til slutt ruta mot Nystølen. Tok av stien >>>
Dokka og Moldura
- Date:
- 02.07.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:01h
- Distance:
- 15.5km
Det var meldt noko dårleg i indre, så då vart det ut mot kysten. Tåke på begge toppane.
Håheimsfjellet
- Date:
- 01.07.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:27h
- Distance:
- 12.1km
Nydeleg dag. Fulgte samme rute som eg gjekk opp sist, men tok ein svipptur bort på Fyglafjell. Eg såg det var merking derfra og ned.
Tok ruta nedatt via Fyglafjell og rett ned. Litt bratt nedover, men det gjekk greitt.