Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Viestølen

Date:
24.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
7.2km

Map    

Solbakkeheia

Date:
24.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:54h
Distance:
5.8km

Værmeldingane var ikkje dei beste. så det vart ein kort tur denne dagen. Satsa på å finne stien på Redalssida av tunnelen. Fulgte ruta opp til skaret og vidare mot Blåfjellet. Tok av frå stien der eg såg det kunne passe og sikta meg inn på toppen. Tok ein avstikkar mot Orkja på veg nedatt. Klarte å komme meg i bilen før regnet starta.

Map    

Nonsnova

Date:
23.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:22h
Distance:
8.8km

Starta litt seint denne dagen og antok at Nonsnova ville være ein grei tur. Parkerte ned forbi fellesfjøsen ved Øygard og starta på det som tydeleg var nyrydda sti. Denne må ha vore rydda så og sei denne dagen. I alle fall ein fin jobb som er gjort. Stien gjekk opp til Øygardsstølen og var delvis merkt. Etter Øygardsstølen kunne eg ikkje finne noko sti, men eg fann det som såg ut som dyretråkk. Men som dei fleste veit, så har dyr ein tendens til å gå litt på kryss og tvers og i alle fall ikkje alltid unngå buskas og tre. Det vart difor litt krangling med nokre busker. Skulle krysse elva og plumpa rett nedi, så dei så og seie nye goretexskoa tålte ikkje så mykje vatn. Fortsette opp og sikta meg inn på skaret sør for Nonsnova. Der fann eg ein sti opp skaret. Derfrå var >>>

Map    

Rognen

Date:
22.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:02h
Distance:
10.7km

Etter å ha sett på skyene i indre og mindre skyer i ytre, i tillegg til å sjekke værmeldingane, fann eg ut at det vart tur i ytre denne laurdagen. parkerte ved lomme ved Sagebø. Fulgte ruta som er lagt inn på ut.no. Det var ein sti, men ikkje veldig tydeleg, det var også det eg tenkjer er dyretråkk på kryss og tvers av det som mest truleg er stien opp. Fulgte Mørkedalsevla på høgre hand. Måtte gå opp elva eit stykke, der det var greitt å gå. Tok opp til høgre vidare mot Rognen der det såg ut til å være greitt å gå opp. Retur ned frå Rognen og gjekk vidare til Gulestønipa. Retur ned Mørkedalen. Litt krangling med busker her og der, men greitt å navigere seg fram. Nydeleg vær, litt vind. Då eg var på veg inn igjen til Førde traff eg på fleire kraftige regnbyger, >>>

Map    

Jølsteregga

Date:
21.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:57h
Distance:
14.2km

Fin tur over heile Jølsteregga denne gongen. Slapp unna den verste tåka, sjølv om eg ikkje fekk så mykje utsikt over Kjøsnesfjorden. Litt kaldt på toppen.

Map    

kjerrgardstårnet

Date:
18.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:52h
Distance:
2.8km

Siste turen denne dagen. Lett fottur langs lysløypa. Merkt opp til tårnet.

Map    

Grøntua

Date:
18.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:06h
Distance:
0.6km

Lett tur opp turvegen. Lett stigning opp til toppen.

Map    

Signalen

Date:
18.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:39h
Distance:
2.6km

Fin og lettgått tur. Grei merking. Litt blaut sti enkelte stader.

Map    

Knappskogfjellet

Date:
18.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:25h
Distance:
1.2km

Parkerte ved parkeringslomma. Der er det plass til eit par- tre bilar. Fulgte tydeleg sti opp til toppen.

Map    

Spjeldsfjellet

Date:
18.07.2023
Duration:
0:40h
Distance:
2.7km

Parkerte langs hovevegen. Fulgte vegen opp til tydeleg sti til toppen. Lettgått og grei sti

Map