Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1781)
Nordheia
- Date:
- 06.10.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:04h
- Distance:
- 4.0km
Etter ei meir eller mindre heftig regnværsdag, så letta det endeleg og då blei det ein liten tur på Nordheia denne kvelden. Hadde nesten fjellet for meg sjølv (i alle fall toppen)
Flatbrehytta og Vetla Supphellenipa
- Date:
- 01.10.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:47h
- Distance:
- 11.4km
Søndag og gode værmeldingar. Eg har høyrt mykje om kor fint det er på Flatbrehytta og at det ikkje er så fryktelig langt å gå, så då blei det den turen. Tok først opp mot Vetla Supphellenipa. Der var det tydeleg at elva hadde gjort eit innhogg i stien, men det gjekk fint likevel å komme seg over elva. Ikkje fullt så tydeleg sti frå skaret og opp på Vetla Supphellenipa, men det gjekk greitt å finne fram. Fulgte ruta opp på Flatbrehytta. Fann så ut at eg ville få eit litt nærare blikk på breen, så eg gjekk tilbake og opp på høgda. Retur den mest brukte stien. Der var det litt betre å gå. Flott tur.
Trappene i Høyanger og Nova
- Date:
- 24.09.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:45h
- Distance:
- 6.3km
Det er ikkje så stor hemmelighet at eg har ein viss høgdeskrekk og sist eg gjekk opp trappene hadde eg eigentleg bestemt meg for at eg ikkje skulle gå den ruta igjen. Men eg fann etter kvar ut at eg skulle utfordre meg igjen. Eg starta med å gå trappene og deretter over på sti. Til slutt ville eg utfordre meg sjølv igjen til å prøve å gå litt av trappene. Enkelte plassar var det litt vel luftig, men eg kom meg opp. Gjekk opp til Nova og nedatt. Starta nedover på stien og etter kvart prøvde eg meg på trappene.
Bolsetnipa
- Date:
- 17.09.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:42h
- Distance:
- 12.9km
Etter gårsdagens litt grå dag vart det meldt ein del betre vær denne dagen. Vi bestemte oss for å gå på Bolsetnipa. Solskinnstur frå start til slutt. Vi bestemte oss for å ta toppane som var på ruta. Nydeleg å gå i dag. Avslutta med tur i sauna og bading på Jølstraholmen. Ein flott avslutning på dagen.
Myklebustfjellet og Snøfjellet
- Date:
- 16.09.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:12h
- Distance:
- 8.0km
Værmeldingane skulle ha det til at det skulle bli opplett ut på dagen. Vi tok sjansen på at det skulle lette. Litt blanda vær, både tåke, sol og regn. Skuffelsen var litt større då vi køyrde heimatt i strålande sol. Men men vi kan jo ikkje alltid være heldig med været. Planen var å gå vidare til Blålidalsfjellet, men på grunn av tåka snudde vi. Litt glatt og våt stein på delar av turen.