Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Torgeirsletta og Høgeheia

Date:
18.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:04h
Distance:
11.9km

Då var det tid for ein tur på Torgeirsletta og Høgeheia. Eg såg at det var merka ei rute via ut.no, som kunne være grei. Eg parkerte ved Solåsen rett ved ein gard som såg nedlagt ut. Ved øvste garden var det skilta mot Torgeirsletta, så eg starta ved godt mot. Det var endatil eit raudt merke. Dessverre så var det dårleg med sti og fleire merke derifra. Eg sjekka endatil ut-appen for å være sikker på at eg var på rett veg. Men einaste type sti eg fann var det som såg ut til å være dyretråkk. Eg fulgte ruta til ut-appen utan å finne antydning til merke. Etter kvart som eg nerma meg Torgeirsletta fann eg endeleg ein raudmerka sti, som eg fulgte siste stykket opp til toppen. På returen fulgte eg den raudmerka ruta fram til det var naturleg å sikte seg inn på Høgeheia. Derfrå >>>

Map    

Gytta

Date:
17.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.2km

Etter ein litt lang arbeidsdag vart det ikkje tid til den lange fredagsturen. Godt å ha ein kort og grei tur for kun å få litt frisk luft og ta ein pause frå kvardagen.

Map    

Gravdalsholten

Date:
16.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:45h
Distance:
3.2km

Map    

Halbrendsstølen

Date:
15.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:25h
Distance:
6.0km

Fin tur med søsteren og hennes mann. Iskrystallane blenkte i lyset frå hovudlyktene på ein slik måte at det kunne sjå ut som stjerner i snøen. Fantastisk flott å sjå på. Synd det er vanskeleg å få slikt med på bilde.

Map    

Gytta

Date:
14.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
1.9km
Map    

Furnesstølen

Date:
13.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
5.0km

Map    

Utsikten ved Skei

Date:
12.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
5.0km

Ein liten ekstratur frå Skei denne dagen. Eg trur vi missa sola med nokre få minutt.

Map    

Hamnanova og Nyken

Date:
12.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:37h
Distance:
3.5km

Etter gårsdagen litt lengre tur, vart det ein litt kortare tur i dag. Eg må innrømme eg vart litt spent fordi det såg ut til at Hamnanova og Nyken låg meir i skyggen enn Jølster si nordside. Etter kvart som vi gjekk oppover fekk vi jammen sol. Vi konkluderte med at vi burde gå litt seinare på dagen viss det er sol vi ønskjer på den turen. Ellers ein fin tur å gå på ein slik dag.

Map    

Rundtur i Bremanger

Date:
11.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:27h
Distance:
19.6km

Parkerte ved Kirka og tok sikte på innteikna sti rett ved kirka. Etter kvart traff eg på ein litt lite brukt sti, men det gjekk fint å finne fram. Hadde ein avstikkar opp til Kvitfjell før eg fulgte merka sti opp til Haugsteinsfjellet. Blå himmel, sol og heilt vindstille på toppen. Fantastisk hærleg. Fortsatte vidare mot Slettheia og Karihaugen. Tok ein liten avstikkar frå Karihaugen og ned mot Vetvika berre for å sjå utkikkspunktet, som så mange andre har funne. Og eg fann det, så det måtte bli eit par bilder derfrå. Gjekk tilbake opp vidare mot Steinfjellet. Gjekk ned anleggsvegen ned mot Svarstad. Litt kjedeleg, men det gjorde nytta si. Så tilbake til bilen. Nydeleg tur med sol stort sett heile vegen og vindstille. Kan det bli betre?

Map    

Gytta

Date:
08.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
2.0km

Hodelykttursesongen er i gang for alvor.

Map