Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Storehesten

Date:
07.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:25h
Distance:
12.3km

Klarte ikkje heilt å bestemme meg for turmål, men etter nokre dagar med regn, fann eg ut at Storehesten var trygg og kjent til å bestige. Oppe ved Dagsturhytta fann eg ut at eg skulle prøve meg opp egga sidan tåka ikkje var så tett. Fulgte merka rute opp, men eit par parti var det snø, som skulte merka. Var litt fram og tilbake før eg fann ruta opp ( tillegg til tendens til nervøsitet). Tåka dekka ikkje til toppen før eg nesten var oppe. På toppen var tåka tett og eg tok berre ein kjapp matpause før eg fann ut eg skulle gå nedatt den vanlege vegen. Men... etter å ha starta nedturen, letta tåka og eg for opp igjen for å få tatt nokre bilder til med utsikt. Tåka letta heilt og det vart til og med litt sol på veg nedatt, det var heilt fantastisk følelse med varme fra sola >>>

Map    

Gytta

Date:
02.07.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:28h
Distance:
2.0km
Map    

Steinkorsen og Blåfjellet

Date:
01.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:48h
Distance:
15.2km

Det var meldt noko gråare vær framover og då er det om å gjere å nyte den siste ordentlige solskinnsdagen før gråværet kjem. Ei stund sidan eg har vore på dette Blåfjellet, så eg tenkte det var på tide. Turen er jo ein skikkelig gromtur med tanke på at det er berre å gå lenge og langt når ein først er komen opp på Steinkorsen. Og sola var med heile vegen. Hadde ein god pause på Blåfjellet der eg berre satt og naut sola. Traff på ein som såg ut til å planlegge overnatting på fjellet denne kvelden og lurte på korleis det gjekk med han sidan været skifta rett etter at eg hadde kome meg i hus.

Map