Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1762)
Skitur på gamle trakter
- Date:
- 18.04.2022
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 3:53h
- Distance:
- 14.0km
Starta ved Instebø, eller Plassen, som vi kaller det. I vant driv opp mot Rypehogen og vidare opp mot Oksekleivheia. Dette er område eg vil påstå eg kjenner godt. Fann ut at eg skulle prøve med ned mot Yndestadstølen, sidan det ikkje var så langt frå Oksekleivheia.
Fint ned mot Yndestadstølen og sette nasen tilbake mot Rypehogen og ned via Åsstølen. Orka ikkje turen innom Antonstien, sidan den er litt skrade. Så då vart det ned til Friborgstølen og tilbake til bilen. Ein prima tur med sol og nesten vindstille.
Fjordblikk
- Date:
- 17.04.2022
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:50h
- Distance:
- 3.0km
Godt merka rute begge vegar. Likte best ruta til hytta. Den var tørrare og lettare å gå.
Eldsfjellet og Eldsbu
- Date:
- 17.04.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:32h
- Distance:
- 2.9km
Parkerte ved merka parkeringsplass og bar på veg mot stistart. Godt merka rute opp. Litt bratt i starten, men resten av ruta var kupert og fin.
Kjapp tur til Sjøbua
- Date:
- 17.04.2022
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:22h
- Distance:
- 1.6km
Vettakollen
- Date:
- 12.04.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:47h
- Distance:
- 7.1km
Søsteren spurte om vi kunne ta ein tur på Vettakollen, sidan eg hadde snakka om denne toppen tidlegare. Vi tok med yngste nevøen min opp til Vettakollen stasjon og vidare opp til Vettakollen utsiktspunkt. På vegen traff vi blandt anna eit par ekorn. Dette var stor stas for fireåringen. Vidare opp mot toppen gjekk det greitt. fireåringen fikk "oppdrag" å finne dei blå merka på ruta. Dette klarte han med glans. Ved utikikspunktet vurderte vi om vi skulle fortsette inn mot Fuglemyrshytta. Yngstemann på turen var klar for det. Returen gjekk ned nokre glatte snødekte område. Så vidare ned på slitte skispor og til Skådalen stasjon. Fireåringen fekk litt bærehjelp. Men klarte seg glimrande på turen.
Kolsåstoppen
- Date:
- 11.04.2022
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:37h
- Distance:
- 7.4km
Tok bussen ut til Stein Gård. Fulgte godt merka løype til Nordre Kolsåstoppen. I starten på veg, der traff eg på ein litt over gjennomsnittet stor familie som sleit oppover den speilblanke vegen. Dei gjekk opp langs grøfta. Noko eg også skulle. Og det var så og seie umogleg å gå forbi. Der... starta far i familien og skulle ta bilde av heile flokken. Vel tenkte kanskje det var lov å sleppe folk forbi før ein skulle ta ein fotoshoot.... Kom meg vidare til Nordre Kolsåstoppen etter kvart. Ikkje så frykteleg mykje panoramautsikt, men heilt OK.
Fann ut at eg skulle ta ein tur ut til Gråmagan. Der traff eg på ein ung mann som likte best denne delen av toppen. Flott utsikt, men ikkje fullt så mykje folk. Vidare til Søndre Kolsåstoppen fann eg ut at han hadde rett. Det var ikkje >>>
Høgeheia i solnedgang
- Date:
- 01.04.2022
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:15h
- Distance:
- 4.8km
Fann ut at vi skulle ta ein tur å få solnedgangen. Formen var ikkje på topp, så det gjekk litt saktare oppover enn eg vanlegvis bruker. Men vi kom oss opp og ned. Nydeleg solnedgang men litt vind på toppen.