Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1776)
Fauskevarden før regnværet
- Date:
- 21.08.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:36h
- Distance:
- 5.9km
Tindefjellet
- Date:
- 20.08.2022
Bratt opp lia frå Fluge og opp mot Gravsfjellet via Aksla og Stortrevarden. Vidare opp mot toppen av Tindefjellet. Klarte å stoppe GPS og oppdaga det ikkje før eg nesten var på toppen av Tindefjellet. God sti heile vegen.
noko blautt i stien. (sjølv nye sko tåler ikkje den mengda med vatn)
Klauva og bærtur
- Date:
- 19.08.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:28h
- Distance:
- 8.7km
Hadde med bøtte for å sikre meg litt bær så ruta gjekk litt "rundt omkring". Brukte litt vel lang tid, noko som resulterte i tåke på toppen. Såg ein person med bakenden i høgste lukta med samme ærend som meg. Så resultatet frå bærplukkinga var ikkje det beste.
Skogstadfjellet
- Date:
- 18.08.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 7.3km
Køyrte til endes ved vegen, men fann ingen parkeringsplass. Ein kar kom ut, slik at eg kunne spørje pent om å få lov å parkere der. Han ønskte eigentleg at eg køyrde litt lenger inn, men bilen min er ikkje så høg. Han var snill nok til å la meg parkere på tunet. Eg lova å ikkje bruke så lang tid. sjølv om eg sikkert burde prøve å finne ein annan stad å parkere.
Grei sti opp til Hjelmbrekkestølen og litt forbi.Etter det forsvann stien, men greit å gå oppover til høgda. Sti frå høgda og opp på toppen.
Litjehesten
- Date:
- 17.08.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:52h
- Distance:
- 10.5km
Kollegatur til Litjehesten. Ettersom vi ikkje akkurat var mange på tur, så gjekk det ganske greitt oppover lia. Kjekt turfølge.
Underteikna fekk æra av å være lokalkjent med utsikt over min "barndoms grønne dal" og kunne peike ut alle husa og litt nostalgiske historiar.
Blåegga
- Date:
- 14.08.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 9:24h
- Distance:
- 23.1km
Starta ved Legestøylen opp mot og langs Stegsvatnet. Inn mot stien som går mot Myklandsstølen. Tok av til venstre opp lia og undra meg på korleis eg skulle komme meg opp på toppen sør for Blåegga. Eg fann ei hylle eg kom meg opp på. Resten av turen opp gjekk greitt. Traff på ein kar rett før toppen. Eg trur vi vart like overraska begge to av å treffe på folk på denne toppen. Han kom frå Botnafjellet og var på veg ned mot Myklandsstølen.
Retur samme veg ned som opp. Brukte sporinga til å finne ruta ned.
Tortnegrøegga
- Date:
- 13.08.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 6.6km
Turen startar ved parkeringsplassen og går over elva mot Flatjordstølen. Stien er merkt oppover på grunn av at Tortnegrøegga er med på årets Jølster Fjelltrim.
Det er veldig kjekt at frivillige tek seg tid til å merke nye ruter kvart einaste år. Det gjer at mange av fjellturane i Jølster er godt merkt.
Dagens tur var nok prega av lite utsikt, men ein fin tur likevel.