Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Svistølen

Date:
04.10.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:15h
Distance:
4.1km

Nokre dagar er eg berre så sliten at eg knapt orkar å tenke på å gå noko tur, samtidig veit eg at det å komme seg ut vil gjere fantastisk godt. På slike dagar er det vanskeleg å tenke gjennom noko fine turmål. Så då ringte eg ei veninne og ho foreslo Svistølen. Den er relativt overkommeleg for slike dagar. Og som alle andre gongar der hovudet ikkje er heilt i modus, så var det godt å komme seg ut berre for litt frisk luft.

Map    

Smådalsnipa med kollegaer

Date:
02.10.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:32h
Distance:
8.5km

Siste turen for sesongen med Førde vgs turlag. Må innrømme eg var litt skeptisk når det kom dropar i det vi skulle starte, sjølv om værmeldingane ville ha det annleis. Men desse dropane gav seg fort. Lett driv oppover mot Stehoggestølen og tåke i sikte på toppen. På toppen var det dessverre ei blanding med tåke, men ikkje så mykje at det vart vanskeleg å finne fram ettersom stien er tydeleg og god. Ein liten rast på toppen før vi begynte på fin driv nedatt. Etter kvart så kom jammen sola gjennom skyene og følelsen av å være heldig med været.

Map    

Blåene og Kletten

Date:
30.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
6.3km

Fin ettermiddagstur til Blåene og Kletten. Det er framleis mogleg å komme opp og ned frå eit fjell etter jobb utan hovudlykt

Map    

Kjelstadstølen

Date:
29.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:45h
Distance:
7.3km

Tur halvvegs til Skuldalen og så opp til Kjelstadstølen. snø det siste stykket opp til Kjelstadstølen.

Map    

Eikelandsstølen og Haukestølen

Date:
28.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
8.7km

Snø i høgda denne dagen. Så det blei tur til eit par av stølane i nærområdet. Litt snø ved stølane.

Map    

Dysjelandsheia

Date:
27.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:23h
Distance:
4.5km

Lettgått tur denne dagen. Fint å ha nokre litt kortare turar når dagane vert kortare, så slepp eg å haste ned før mørket tar meg.

Map    

Blåfjellet frå Bunestølen

Date:
26.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:23h
Distance:
10.7km

Det er ei stund sidan sist eg gjekk på Blåfjellet frå Bunestølen. Der var det komen grusveg nesten heilt opp til Frammarsvikstølen. Resten av turen er lettgått, sjølv om det er litt myr, så er turen fin. Når ein går i Sunnfjordfjella, så er det ofte at ein møter på ei myr eller to uansett, så forventningane er ikkje så store. Eg blei uansett ikkje så veldig blaut på beina. Nydeleg tur med nesten heilt vindstille på toppen. Det er også ein godfølelse når det nesten er heilt stille rundt. Høyrde hjorten ned mot fjorden brøle. Traff på eit jaktlag då eg var nesten nede ved Bunestølen igjen. Så det gjeld å være kledd i klare fargar.

Map    

Årnesholten

Date:
25.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:15h
Distance:
7.6km

Gjekk frå Nedrestrand opp til Årnesstølen og leita fram stien som går rett opp før Årnesstølen. Det er etter kvart blitt eit umerka tråkk der som gjer turen noko kortare enn tidlegare.

Map    

Gytta

Date:
24.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.1km
Map    

Nordheia og Djupviknipa

Date:
23.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:08h
Distance:
4.1km

Map