Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Havreheia

Date:
22.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
12.9km

Værmeldingane var ikkje så altfor verst og når vi har blitt vant til litt av kvart av vær denne hausten, så er vi ikkje så kresne på været lenger. Det er faktisk blitt slik at vi oppfattar at det er opplett sjølv om vi registrerer nokre dropar. Uttrykk som: "no regnar det ikkje SÅ mykje lenger" og vi klarer å glede oss over det. Så var det å finne eit turmål der ein ikkje må vasse i snø til knea, så då valte vi oss Havreheia ved Dale. Vi parkerte ved vassverket. Det var rett nok ikkje så mykje regn og snø på turen, men ikkje så ille at vi vurderte å stå over. Vi fulgte rundtturen på ut, men tok opp til Høgefjellet, som er merkt sti. Litt motvind på toppen frå Høgefjellet og over til Havreheia. Det finns ein annan sti nedatt slik at det hadde vert ein >>>

Map    

Gravdalsholten

Date:
21.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:00h
Distance:
3.9km

Tur med søsteren og ein hund ho har lånt av naboen. Fin tur no i førjulsstria.

Map    

Gytta i snø

Date:
20.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:39h
Distance:
2.1km

Lett snødryss over Førde. Tur med ei av turveninnene mine. Det blir liksom litt lysare med ein gong det kjem litt snø.

Map    

Ny tur på Gytta

Date:
17.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:39h
Distance:
2.2km

Map    

Gytta

Date:
16.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.1km

I førjulsstria så er det godt å ha ein mikrotur med litt utsikt for å få rom til litt rekreasjon.

Map    

Gytta

Date:
11.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.1km

Map    

Halbrendsstølen

Date:
09.12.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:00h
Distance:
3.6km

Tur med mannen.

Map    

Hustaket

Date:
08.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:41h
Distance:
7.9km

Endeleg ein søndag med sol. Det har ikkje vore for mange av det dei siste vekene. Parkerte ved Klevald og fulgte vegen opp til første sving. Der gjekk vi av vegen og over elva og fulgte dyretråkk oppover lia. Over skoggrensa var det komen litt snø, men ikkje meir enn at broddane var gode å ha. Heilt nydeleg dag med sol og flott utsikt over Vadheimsfjorden og Sognefjorden. Returen sikta vi ned på vegen etter Høgeheia og fulgte vegen nedatt til bilen.

Map    

Solheimsstølen

Date:
07.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:15h
Distance:
3.5km

Tur for å lage sporing til ut-appen. Solheimsdalen har ikkje for mange turar som ligg registrert på ut. Det er på tide å få lagt inn ein innsjekk der også.

Map    

Gytta

Date:
03.12.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
2.0km

Map