Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1960)
Høgenipa
- Date:
- 14.11.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:41h
- Distance:
- 11.4km
Såg an at det kunne bli opplett på Skei i dag og Høgenipa har stått på ønskjelista. Starta ved parkeringa, der det er skilta til Nyken. God sti og god merking heile vege på toppen. Noko bratt opp frå Nyken og til Skafonnfjellet, men ikkje noko problem å gå.
Skiftande ver på toppane rundt, men desse toppane gjekk "klar". Litt vind og nokre små snøfnugg i løpet av turen. Bra utsikt heile turen både over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet.
Litt snø i stien frå Skafonnfjellet og opp det siste stykket til Høgenipa, men det var ikkje mykje. Bør vel vurdere brodder dersom det vert kaldare, men ingen problem å gå denne gongen.
Langefjellet og Kjeringa
- Date:
- 08.11.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:57h
- Distance:
- 11.7km
Parkerte ved avkjørsla i Avenbukta og fulgte merking mot Soheimskulten opp forbi Avestølen. På veg opp var det noko tåke, men det letta då eg kom litt høgare opp. Eg lurte ei stund på om det var mogleg å gå rett opp mot toppen etter at eg hadde passert Heimestølen, men eg fulgte merkinga likevel heilt til toppen. Toppen var ikkje merka noko spesielt og eg gjekk vidare til varden ved Kjeringa. Der var også betre utsikt. På veg nedatt tok eg sikte på vatna "Tangen", som eg passerte før eg kom til Avestølen. Det var ingen problem å gå ned denne vegen, sjølv om det ikkje var merka. Litt blautt i stien, så her bør ein ha med seg fjellsko som tåler vatn.
Laviksåta
- Date:
- 01.11.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:36h
- Distance:
- 4.0km
Det var meldt noko regn, men sidan været faktisk var ganske bra, tok eg sjansen på ein tur.
Køyrte mot Lavik og opp Lavikdalen. Køyrte opp dalen nokre få km og parkerte på venstre side av vegen med god parkering og tydeleg merka mot Laviksåta.
Stien starta ved parkeringa og over ei bru mot Lavikstølen. Bratt opp lia mot toppen. Stien er godt merka oppover bakkane. Men det var noko blautt etter mykje regn dei siste dagane.
Noko regn og vind oppover, men med flott utsikt utover Sognefjorden og mot Hyllestad og blandt anna Lihesten. Gjekk litt rundt på toppen for å sjå meg om. Vinden gjorde at det ikkje var til at eg blei ståande på toppen. På veg nedatt vurderte eg ein tur på Handalsnipa, men sidan det kunne sjå til at det ikkje kom til å regne noko mindre, fann eg ut at eg >>>
Nakkebruna - Dagsturhytta i Hornindal
- Date:
- 31.10.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:27h
- Distance:
- 0.8km
