Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1960)
Sørbøheia
- Date:
- 06.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:21h
- Distance:
- 3.1km
Etter tåketuren opp på Vardeheia, tok eg lik så godt ein liten avstikkar før eg vende nasen heimatt. Starta ved ei parkeringslomme ved Indre Giil. Og fulgte godt merka løype til toppen. Greitt å gå og stort sett tørr og fin sti.
Vardeheia
- Date:
- 06.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:07h
- Distance:
- 6.2km
Parkerte på nedsida av vegen ved ytre Bordvika. Et skilt merka kor eg skulle gå. Var litt vanskeleg å finne stien då eg hadde runda løa, men eg tok til slutt sikte på ein steinbygning opp i bakken. derfra var stien tydeleg. Noko blautt i løypa, men lett å gå. Null utsikt på toppen.
Blånipa
- Date:
- 05.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:21h
- Distance:
- 12.3km
Relativt fint vær, trass nokre varierande værmeldingar. Berre nokre få dropar på veg opp, mens fjella rundt oss hadde kanskje det litt meir varierande vær.
Heldigvis var kom byga på oss noko seint, så då vi sette oss i bilen var vi rimelig blaute.
Framleis noko snø enkelte stader, men heilt greitt å gå.
Årnesholten
- Date:
- 03.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:12h
- Distance:
- 7.6km
Fann stien som gjekk rett opp frå Årnesstølen og opp til Årnesholten.
Sunnfjordbjørnen ++
- Date:
- 29.05.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 8:50h
- Distance:
- 23.5km
Endeleg stemte været og endeleg hadde eg mulighet til å ta turen på Sunnfjordbjørnen. Parkerte tvers over vegen for Utsikten og la i veg oppover. Litt lite snø i starten og eg måtte bære skia eit par plassar. Blandt anna det siste stykket opp til vardeggi. Skiføret var bra, men det merkast at det er varmt i været. Tok turen oppom Gottophesten på veg nedatt.
