Gjegnen (07.09.2025)


Characteristic Hillwalk
Duration 11h 00min
Distance 29.3km
Vertical meters 2,199m
Map
Ascents Gjegnen (1,670m) 07.09.2025
Visits of other PBEs Gjegnabu (1,174m) 07.09.2025
Hope parkering Gjegnabu (167m) 07.09.2025
Hope parkering skiltet (40m) 07.09.2025
Lavesteinen (730m) 07.09.2025

Gjegnen har stått på ønskjelista lenge. Og både tidspunktet og været stemte sånn nokon lunde. Det er sjeldan at det kan passe med ein todagerstur og etter det eg har forstått er det anbefalt. Men etter å ha forhøyrt meg med nokre som meinte det kan gå greitt på ein dag så tok eg sjansen. Eg sendte ut ein open invitasjon på tur til Gjegnen, utan respons fann eg det greitt å ta turen likevel. Var litt usikker på vegen opp til øvste parkeringsplassen, så eg parkerte ved den nedste. Fann fort ut at det hadde gått heilt fint å køyre opp. Bratt opp mot Lavesteinen og vidare opp på høgda mot Gjegnabu.

Lavesteinen. Lett tåke nede mot Hyen
Lavesteinen. Lett tåke nede mot Hyen
Gjegnen i sikte
Gjegnen i sikte

Eit lite stykke før Gjegnabu var det lett terreng bort til hytta. Der vert det tydelegvis sett opp ei ny hytte. Ved Gjegnabu var det ein kar som hadde kome opp litt før meg.
Han hadde eigentleg tenkt å gå nedatt, men ettersom eg skulle opp, slo han følge. Ein liten lunsjpause ved Gjegnabu før vi gjekk vidare mot toppen. Vi hadde fint driv oppover og delvis merka bortover mot breen. Veldig fint terreng å gå i ettersom det var mykje berg og lite steinrøys. Vi måtte nesten bort til breen før vi kunne gå opp på hylla sidan det ikkje var snø.

Gjegnalundsbreen
Gjegnalundsbreen
X-vatnet
X-vatnet

Ei steinur med store kampesteinar eit lite stykke før vi gjekk vidare på berg oppover. Det siste stykket opp mot ryggen var steinur. Så relativt lettgått bort til toppen.
Ein liten stopp på toppen for å nyte utsikta. Jammen er det eit mektig skue med breen, terrenget og dei flotte fjellformasjonane rundt. Virkeleg ein lykkefølelse.

Fascinerande steinformasjonar i fjellet
Fascinerande steinformasjonar i fjellet
På veg opp til Gjegnen
På veg opp til Gjegnen
Gjegnalundsbreen sett frå Gjegnen
Gjegnalundsbreen sett frå Gjegnen
Gjegnalundsbreen sett frå Gjegnen
Gjegnalundsbreen sett frå Gjegnen
Gjegnalundsbreen sett frå Gjegnen
Gjegnalundsbreen sett frå Gjegnen
Utsikt vestover mot Bukkenibba
Utsikt vestover mot Bukkenibba
Utsikt austover
Utsikt austover
Utsikt vestover
Utsikt vestover

For å unngå for mykje vind på veg nedatt gjekk vi litt nedanfor toppen (utan at det hjalp nemneverdig).
Nede ved det lågaste punktet mellom Gjegnen og Gjegnabu traff vi på ein kar som skulle opp og nedatt samme dagen. Vi blei litt spent på om han nådde opp og ned før det vart mørkt.

X-vatnet og Y-vatnet
X-vatnet og Y-vatnet

Ein liten middagspause på Gjegnabu før det bar nedover mot bilen.

Ved Lavesteinen og utsikt mot Hope.
Ved Lavesteinen og utsikt mot Hope.

Vel nede i bilen kjentes det på kroppen med 3 mil og vel 2000 høgdemeter. Kjekt at eg fekk med meg følge opp til Gjegnen. Det er absolutt flott når merkinga ikkje er så god og ein er fleire å vurdere trasear.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.