Snøhetta (19.07.2025)
Ascents | Snøhetta (2,286m) | 19.07.2025 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Gamle Reinheim (1,667m) | 19.07.2025 |
Snøheim (1,474m) | 19.07.2025 |
Endeleg passa det med tur til Snøhetta. Værmeldingane var gode og vi hadde tida.
Vi tok bussen frå Hjerkinn til Snøheim om morgonen og starta turen. Alt såg veldig lovande ut.
Etter kvart som vi nærma oss toppen starta toreværet ispedd litt regn. Ikkje akkurat hyggeleg stad å være i slikt vær. Ettersom eg hadde hatt denne på øskelista lenge, så var det ikkje eit alternativ å snu. Men haste opp og haste nedatt. Vi fekk akkurat litt tid til fotografering på toppen før vi kom oss nedatt. Nede i lia letta været og det var mogleg å sette seg ned for å nyte nista. Godt fornøgd med dagen, men skulle sett at toreværet hadde halde seg unna.
User comments