Starta litt seint denne dagen og antok at Nonsnova ville være ein grei tur. Parkerte ned forbi fellesfjøsen ved Øygard og starta på det som tydeleg var nyrydda sti. Denne må ha vore rydda så og sei denne dagen. I alle fall ein fin jobb som er gjort. Stien gjekk opp til Øygardsstølen og var delvis merkt.
Etter Øygardsstølen kunne eg ikkje finne noko sti, men eg fann det som såg ut som dyretråkk. Men som dei fleste veit, så har dyr ein tendens til å gå litt på kryss og tvers og i alle fall ikkje alltid unngå buskas og tre. Det vart difor litt krangling med nokre busker. Skulle krysse elva og plumpa rett nedi, så dei så og seie nye goretexskoa tålte ikkje så mykje vatn.
Fortsette opp og sikta meg inn på skaret sør for Nonsnova. Der fann eg ein sti opp skaret. Derfrå var det berre å sikte seg til topps. Litt niste og fotografering av det flotte landskapet når ein kjem så kloss på både Haugabreen og Jostedalsbreen. Det er eit mektig landskap.
Retur samme vegen
User comments