Etter å ha sett på skyene i indre og mindre skyer i ytre, i tillegg til å sjekke værmeldingane, fann eg ut at det vart tur i ytre denne laurdagen.
parkerte ved lomme ved Sagebø. Fulgte ruta som er lagt inn på ut.no. Det var ein sti, men ikkje veldig tydeleg, det var også det eg tenkjer er dyretråkk på kryss og tvers av det som mest truleg er stien opp. Fulgte Mørkedalsevla på høgre hand. Måtte gå opp elva eit stykke, der det var greitt å gå. Tok opp til høgre vidare mot Rognen der det såg ut til å være greitt å gå opp. Retur ned frå Rognen og gjekk vidare til Gulestønipa. Retur ned Mørkedalen.
Litt krangling med busker her og der, men greitt å navigere seg fram. Nydeleg vær, litt vind. Då eg var på veg inn igjen til Førde traff eg på fleire kraftige regnbyger, som gjorde at eg følte meg litt heldig med turvalet.
User comments