Fauskevarden med påskefølelsen (11.04.2021)
Ascents | Fauskevarden (853m) | 11.04.2021 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Nordheitunnelen p-plass (457m) | 11.04.2021 |
Av og til er følelsen at ein treff på turmålet og det meste stemmer.
Nesten aleine på parkeringsplassen då eg starta. Men nokon hadde vore før meg opp, slik at det var berre å følgje spora oppover.
I dag var det ein slik følelse. Ein virkelig fin påskefølelse med sola som varmar på veg opp. Litt vind på toppen gjorde at det ikkje vart lang stopp på toppen.
Det var fullt på parkeringsplassen då eg kom nedatt og kø til å komme inn for å parkere. Eg trur nok nokon var glade for at dei kunne bruke parkeringsplassen min då eg for.
User comments