Archive - Date
Archive - Activity
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (260)
- Backcountry skiing (75)
- Cross-country skiing (176)
- Trip by foot (484)
Nårkampen
- Date:
- 24.02.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 5.1km
Etter ein litt kjedeleg tur på Gausdalsberget, vart det ein stor opptur å gå til Nårkampen. Turen begynte i skog og pudderføre, men det gjekk fint å følge andre sine spor.
Over skoggrensa gjekk eg utanfor spor, det gjekk fint etter kvart som snøen vart fastare/vindpåverka.
Mot toppen vart det lite snø, der grastustar stakk opp. Vinden har vel tatt med seg ein del av snøen her.
Flott utsikt frå toppen, og i grunn ein fin skitopp for oss som likar litt stigning og nedoverbakkar, men ikkje at det er superbratt ned igjen :)
Digeråsen og Gausdalsberget
- Date:
- 24.02.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 8.5km
Tenkte no å begynne meir systematisk på Sør-Fron > 50 m pf-lista.
Første topp i dag var Digeråsen. Ein forholdsvis lett tilgjengeleg topp der delar kunne gåast i skisporet. Det var endå meir pudder enn eg trudde. Fint å renne i, men krevde ein del helling berre for å få litt fart. Fin utsikt frå toppen.
Neste topp var Gausdalsberget. Her var snøen endå mjukare, men delar av turen gjekk opp i skuterspor. Siste stigninga mot toppen var ein jungeltur i tett buskas og djup snø. Toppen er nok ikkje best eigna til vinterbruk, og den er vel kanskje mest for spesielt interesserte :)
Breiddalseggi
- Date:
- 14.04.2025
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 14.7km
Dagens nye topp vart Breiddalseggi. Med fint ver, god utsikt og til dels nysnø oppå skare, vart det ein bra tur. Fin tur for oss med fjellski og som gjerne unngår skredfarleg terreng :) Men greit å vite kor ein skal gå i tilfelle skodde og blindeføre, då det er litt skrentar og brattheng her og der.
Røgnhøgda
- Date:
- 29.03.2025
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Distance:
- 22.9km
Super tur til Røgnhøgda i dag. Eg valde å bruke langrennski då cirka 18 km av denne turen ville gå i spor. Det gjekk greit å gå i terrenget til Røgnhøgda elles, sjølv om her hadde nok fjellski gjort meir nytten. Det var skareføre med enkelte stader ein sokk gjennom.
Eg var litt uroa over om sola ikkje ville kome slik at eg fekk med meg solformørkelsen denne dagen. Men det gjorde den, så eg fekk den fint med meg :) Hadde også investert i nye solformørkelsesbriller ;)
Det blåste godt på toppen, elles var det varmt og "lummert" då eg kom ned til oppkøyrde spor igjen.
Søre Bølhøgda
- Date:
- 21.04.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 13.5km
Ein fin dag i Venabygdsfjellet. Skiføret var ei blanding av nysnø, vindblåst snø og skare. Generelt greit føre. Lite folk i fjellet her, noko som delvis kan skuldast stoppforbud langs vegen. Men då er vi ikkje altfor mange som forstyrrer villreinen heller.
Svartfjellet
- Date:
- 01.04.2024
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Distance:
- 17.2km
Langrennstur i fint og hardt/vått føre. Utanfor løypene var det skare med tynt snølag på toppen, noko som gjorde det fint å renne ned frå Svartfjellet sjølv med langrennski.
Distansen er justert noko, då butikkhandel ved parkeringsplassen vart med på sporinga ved ein feil :)
Høgefjellet og Tverrfjellet
- Date:
- 29.03.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 18.2km
