Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Brennhaugen

Date:
08.06.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
0.8km

Dagens første topp. Forholdsvis kort veg frå der eg parkerte, men bratt og vått terreng utan sti, med til dels tett granskog, gjorde turen opp krevjande. På toppen var det meir ope. Dette er nok ingen godt besøkt topp, men det var nokon (på Peakbook?) som hadde tatt seg bryet med å lage ein liten varde her. Bilda under er frå toppen.

Map    

Korpberget

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
2.3km

Dagens fjerde og siste topp var Korpberget. Denne bar også preg av at få gjekk på tur hit. Med tanke på at dette kanskje var turen med det mest varierte og spennande terrenget, er det litt rart at ikkje denne blir oppsøkt meir, særleg med tanke på at det er skilta tur langs skogsvegen eg starta langs. På vegen ned vart det til dels litt klyving, og ein vestlending som har gått mange toppturar i Bergen og omegn, følte seg plutseleg endå meir heime :)

Map    

Finnberget

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
1.3km

Finnberget var dagens tredje topp, som var blant fleire i Stange med tydelegvis lite besøk. Turen gjekk gjennom blanding av tett skog, hogstfelt m.m. Sjølve området på toppen var utan utsikt, men elles ganske fin furuskog. Området hadde fortent meir besøk. Det blåste, og det knaka godt i vindskeive tre på veg ned, så det var enkelte parti som var greitt å gå fort forbi.

Map    

Topphøgda

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
3.7km

Turen starta frå fylkesvegen og gjekk sørover langs veg, der det stod strenge skilt om at stolpejegerar ikkje kan køyre inn. No var eg i dag strengt tatt ikkje stolpejeger, men toppsamling går kanskje litt for det same, så eg tok oppmodinga om å gå herifrå. Eg knalla opp gjennom til dels gjengrodd traktorveg opp mot toppunktet frå nord. Ned att gjekk eg langs ein meir definert sti før eg kom ned til vegen igjen. Av dagens fire toppar i Stange var dette einaste som bar preg av å få litt besøk av og til.

Map    

Sørstuåsen

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
1.7km

Dagens første topp hadde lite utsikt og tydelegvis lite besøk. Bildet under viser korleis det såg ut på toppen. Men kva gjer ein ikkje for å få eit nytt toppunkt i lista :) Det gjekk ingen sti opp til sjølve toppunktet, etter det eg kunne sjå. Det ser ut som at tilnærma like høge toppunkt få hundre meter nord er meir attraktive i utsikt, historie m.m. Turen gjekk elles langs turveg til avstikkar mot toppen.

Map    

Skarvvola

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.0km

Dagens første tur gjekk til Skarvvola. Fint terreng og slak oppstiging, terrenget var lettgått også der det ikkje var sti.

Map    

Melkampen

Date:
25.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.2km

Map    

Steinhøa og Finnshøa

Date:
25.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.6km

Map    

Oppigardshyrna

Date:
12.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.0km

Fin og tung tur til Oppigardshsyrna. Turen er ikkje så lang, men der det er bratt, var det mykje buskas nedst og steinete/glatt mose øvst. Det var svært mykje myr. Ingen sti på turen, og turen tok si tid, så lang tid at både klokke- og mobilbatteriet gjekk tomt på veg ned. Turen er egentlig cirka 13 km lang. Veldig fin utsikt på toppen, og skodda letta. Dvs. det var skyete mot Strynedalen, så her var det utsikt berre få sekund av gongen.

Map    

Breitjønnshøgder og Nordre Gråhøgda

Date:
06.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.6km

Nye toppar i Ringebu. Turen gjekk i stor grad på god sti. Opp mot Nordre Gråhøgda var det svake T-ar, noko som tyder på at dette er nedlagt DNT-sti? Til dei to andre toppane var det ikkje stiar, men generelt lettgått terreng, med enkelte våte parti.

Map