Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Saulaksla

Date:
12.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
5.6km

Tur til Saulaksla i dag. Ein topp i Stryn vest som vart peika ut mest på grunn av snøtilhøva på høgareliggande toppar. Men toppen var absolutt verdt eit besøk. God utsikt undervegs og på toppen. Generelt god sti, men greitt å vite kor ein skal gå frå Utitunsstøylen. Vi gjekk på grei sti oppover, men fann ein raskare og betre sti på vegen nedover. Ved 800 m.o.h. var det eit utsiktspunkt med bok. Tydeleg at det er dette som er målet for dei fleste, då stien tok meir eller mindre slutt her. Men vi skulle til topps! Her er litt foto frå turen:

Map    

Sletthøe og Sletthøtangen

Date:
07.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
14.0km

Tur til Sletthøe og Sletthøtangen. Turen gjekk oppover lauvskog før det gjekk over i lavdekt terreng. Eg gjekk først til Sletthøtangen, deretter beina eg opp på Sletthøe. Fin utsikt mot Rondane, Storsølnkletten, Atndalen, Snøhetta m.m., men lågt skydekke i horisonten kutta utsikta mot dei største toppane. Relativt kaldt, overskya ver med +5 grader og kraftig vind på toppen av Sletthøe. Dårleg batteri på klokka gjorde at GPS-sporet berre vart logga oppover. Nedturen gjekk om lag på same stad, med unntak av at eg no gjekk vest for Sletthøtangen. Lengd og tid på turen synt reflekterer heile turen opp og ned, ikkje berre GPS-spora. Her er litt foto:

Map    

Ti på topp Lillehammer - Panoramavegen

Date:
05.07.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Tinderangling i Øyerfjellet

Date:
02.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
12.5km

Då eg var på to toppar med tind i namnet (Høgtinden/Goppollfjellet og Heratinden), kan ein vel trygt seie at eg var på tinderangling. Det var uansett ein flott tur på ein varm og solrik dag. Utsikta er vid i Øyerfjellet, både mot snødekte Rondane, store delar av Øyerfjellet, Ringebufjellet, Synnfjell og delar av Jotunheimen. Turen gjekk på ei blanding av stiar, i terreng utan stiar, og litt langs grusveg. GPS-sporet dekker 10,0 km av turen. Turen til Tyvedkampen var cirka 2,5 km tur-retur, her har eg ikkje GPS-spor, dessutan gjekk batteriet på klokka der. Her er litt foto frå turen:

Map    

Landskampen ti på topp

Date:
28.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:36h
Distance:
6.7km

Ti-på-topp-tur til Landskampen. Fin utsikt, sjå her:

Map    

Tur frå Elgvasslie mot to minitoppar

Date:
21.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:02h
Distance:
4.0km

Enkel og fin tur mot to mindre høgdedrag i Atndalen. Dette er muligens reine breelv- eller bresjøavsetjingar frå slutten av siste istid. Fin tur i lavteppe og spreidd furuskog. Litt foto:

Map    

Krokbua - ti på topp

Date:
17.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:42h
Distance:
7.1km
Map    

Holssveen og Erikringen

Date:
11.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:56h
Distance:
3.0km
Map    

Balbergkampen - 10 på topp

Date:
07.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:40h
Distance:
5.9km
Map    

Spiten og Skålia

Date:
03.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:15h
Distance:
4.0km
Map