Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Minitopptur kring Mesnsaga

Date:
18.08.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:48h
Distance:
2.5km
Map    

Minitopptur og UTM-rutetur

Date:
13.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:43h
Distance:
10.3km

Det skulle bli to minitoppar eg fekk med meg på turen, men dårleg planlegging gjorde at eg gjekk på "feil høgd" inne på Kinnkjølen. Bortsett frå det var det ein fin tur i supert ver. Start frå Granum og gjekk oppover skogsbilveg. Gjekk ein tur opp på toppunktet Rindåsen, der eg vart ønskja velkomen av to glade hestar. Gjekk vidare for å kome inn i UTM-rute 565-6781. Benytta anledningen til å gå på ein minitopp, men der bomma eg som sagt. Gjekk så ned att same veg. Litt innkøyringsproblem på ny GPS-klokke, ser det ut til for dei som studerer ruta eg gjekk. UTM-rute 566-6778: denne køyrde eg inn i :) UTM-rute 571-6777: her vart det ein ekstra rundtur på cirka 5 km på grusveg, sti og traktorveg for å kome inn i denne ruta. GPS-sporet dekker ikkje denne, berre turen >>>

Map    

Lunkefjell

Date:
12.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:12h
Distance:
6.1km
Map    

Tretoppstur i behageleg skogsterreng

Date:
09.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:45h
Distance:
15.4km

Behageleg tur i fin skog, som er blandingsskog av granskog og lauvskog, utan større innblanding frå skogbruket si side. Turen gjekk på skogsbilvegar, noko sti og elles måtte ein gå sine eigne spor. GPS-sporet tek slutt på toppen av Røyskatthovde, resten av sporet er logga på telefon, ei rute på 5,2 km ned til bilen att, hovudsakleg langs skogsbilvegar. Under er foto. Det manglar foto frå Røyskatthovde og Livasshøgda, då desse fotoa "er for store".

Map    

Kveldstur i Lillehammer aust

Date:
06.08.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:07h
Distance:
2.9km
Map    

Bjønnhøa, Slettfjellkampen og Gråvola

Date:
28.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:51h
Distance:
11.6km

Toppdag i Folldal. Turen starta ved Gammelsætran. Eg gjekk den gamle byvegen mellom Oppland og Nidaros eit stykke før eg tok av frå stien for å bestige Slettfjellkampen. Frå Slettfjellkampen gjekk eg strakaste vegen over mot Bjønnhøa. Turen gjekk så strakaste vegen mot Gråvola, der det gjekk treigt i dalbotnen på grunn av myr, høgt og trongt buskas m.m. Frå Gråvola gjekk eg ned att, der eg etterkvart kom ned på Byvegen. Bortsett frå byvegen gjekk turen utanom sti. Fin tur, med fin utsikt i dei fleste retningar frå dei ulike toppane. Veret veksla mellom skyer og sol denne dagen, og temperaturen var OK så lenge sola var framme. Det ser ut til å vere fint skiterreng også for oss som likar litt brattare terreng enn flate vidder, men som synest at fjella i Jotunheimen og Vestlandet >>>

Map    

Bjørnhollia

Date:
27.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
6.5km
Map    

Haugraid i Lillehammer

Date:
22.07.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:36h
Distance:
3.3km

Første haug var "Bårdsengmyra punkt 282". Turen dit gjekk i uframkomeleg terreng over store blokker. Ein hoggorm fekk eg også helse på. Open furuskog og faktisk litt utsikt på toppen. Ned att fann eg ein brukbar sti + traktorveg, denne ruta er mest å anbefale for interesserte. Deretter vart det Brattengshaugen som vart nådd. Gjekk oppover langs eit byggefelt, og cirka 100 meter langs noko som likna på sti. Sjølve toppunktet ligg tett inn i ein mørk skog. Tredje punktet var "Nybu punkt 483", ein kort, men bratt tur opp gjennom skog og vått gras. Fjerde punktet var "Nybu punkt 480". Dette ligg cirka 180 meter frå "Nybu punkt 483", som truleg er ei medverkande årsak til at eg ikkje fekk registrert dette toppunktet på Peakbook. Turen er nok mest >>>

Map    

Blåfjellet

Date:
17.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:42h
Distance:
10.0km

Flott tur til Blåfjellet på den finaste dagen inneklemt mellom fleire kjølige regnversdagar. Starta frå Randabygda Idrettsanlegg og knalla oppover ein skogsbilveg som gjekk over i traktorveg og sti etterkvart. For å kome på rett kurs mot Blåfjellet, knalla eg i nordvestleg retning av frå stien. Flott utsikt frå Blåfjellet! Ut frå graden av varding og stibruk verkar det til å vere lite folk som går her, noko eg finn litt underlig. Men Glitteregga ved sida av - med sine over 1000 meter i primærfaktor - stel vel dei fleste turgåarane. Knalla nedover i delvis luftlinje mot Ålandsstøylen. Ikkje sti og noko myrete, høge fjellsko eller støvlar er anbefalt her. Det kunne sjå ut til at det gjekk ein mindre sti oppover frå Randastøylen og mot eit punkt på 917 m.o.h. Eg trur gjerne >>>

Map    

Saulaksla

Date:
12.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
5.6km

Tur til Saulaksla i dag. Ein topp i Stryn vest som vart peika ut mest på grunn av snøtilhøva på høgareliggande toppar. Men toppen var absolutt verdt eit besøk. God utsikt undervegs og på toppen. Generelt god sti, men greitt å vite kor ein skal gå frå Utitunsstøylen. Vi gjekk på grei sti oppover, men fann ein raskare og betre sti på vegen nedover. Ved 800 m.o.h. var det eit utsiktspunkt med bok. Tydeleg at det er dette som er målet for dei fleste, då stien tok meir eller mindre slutt her. Men vi skulle til topps! Her er litt foto frå turen:

Map