Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Kollhaugen

Date:
11.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.1km

Fin tur til Kollhaugen. Stiane mellom Bondlisetra og krysset aust for Austre Flisvatnet var gode, der sørlege sti var blåmerka. Stien frå krysset og nordover var noko dårlegare, noko som delvis skuldast at stien gjekk over myr. Anbefalar godt fotty her. I tillegg bad eg vel litt om våte forhold her, då det hadde pøsregna dagen før. Lite sti på oppstigninga mellom 845 moh. og Kollhaugen, men her fann eg ny blåmerking, så her har lokalt idrettslag eller lokale eldsjeler tenkt at dette skal bli ein godt trakka sti etterkvart. Godt initiativ, med tilrettelegging for tydelgegare sti til toppen, dette varmar eit toppsamlarhjerte!

Map    

Heimhaugen

Date:
11.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.4km

Dagens første topp var til Heimhaugen. Det hadde regna kraftig dagen før, og då terrenget er myrete og stiane/traktorspora generelt våte, vart det ein litt våt tur. Fin utsikt oppetter lia, og med litt meir tilrettelegging kan dette bli ein fin tur for fleire enn peakbookarar. Men kanskje best å gå opp frå sørsida, eg innbiller meg at det ikkje er så vått der.

Map    

Trabelifjellet

Date:
05.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
2.2km
Map    

Langhøa og Langhøa søraust for

Date:
26.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.9km

Då vart det topptur på Langhøa-massivet. Litt krattete terreng til å starte med, men vart betre lenger oppe i høgda, då det gjekk over til å bli veldig lettgått, sjølv utan sti. På veg oppover var det lite sti, men kva gjer no det når ein kan følgje eit tørt bekkeleie for store delar av oppoverturen :) (sjå foto). På toppen av Langhøa møtte eg to andre turgåarar. Flott utsikt. Deretter gjekk eg mot neste topp, veldig lettgått og fint terreng, sjå foto. Etter siste toppen var det ned att til bilen på Storvollen.

Map    

Steinhøi

Date:
24.07.2018
Distance:
7.5km

Fin tur til Steinhøi. Blanding av sol og skyer, kraftig vind, elles heitt. Sporet på oppoverturen er å foretrekke, også nedover. Fint grasterreng stadvis som gjorde terrenget lettgått utan sti.

Map    

Råtåsjøhøi

Date:
24.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.7km

Fin tur til Råtåsjøhøi etter å ha vore på Steinhøi tidlegare. Spora oppover og nedover gav ein ganske grei topptur ihht. min smak. Ingen markerte stiar her, med unntak av sauetrakk som delvis vart følgd.

Map    

Rondslottet

Date:
23.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
28.0km
Map    

Oppljosegga

Date:
19.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.4km

Dagens tur gjekk til Oppljosegga. Fin tur som gjekk delvis på sti opp mot Oppljosvatnet, og ikkje sti ovanfor Oppljosvatnet. Fint turterreng og ein topp som hadde fortent meir oppmerksomhet enn den tydelegvis får. For andre interesserte er det nedoversporet som er best å gå mellom start og Oppljosvatnet. Mellom Oppljosvatnet og Oppljosegga er nok oppoversporet å foretrekke.

Map    

Staurimarka

Date:
17.07.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:13h
Distance:
5.1km
Map    

Berfjordfjellet

Date:
13.07.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
2:53h
Distance:
7.3km
Map