Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Lunkefjell

Date:
09.11.2025
Distance:
5.3km
Map    

Helvetesberget

Date:
02.11.2025
Distance:
2.4km

Dagens siste topp var Helvetesberget. Toppen var ikkje så ille som den kunne høyrest ut til. Turen gjekk langs sti med delvis skilting og merking. Det var blanding av "vanlig" skog, hogstfelt og plantasjeprega granskog på toppen. Det gjekk ein avstikkar (delvis sti) opp gjennom skogen.

Map    

Skriverhaugen

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
4.4km

Dagens tredje topp kunne by på fin natur opp, merka sti heile vegen, og forholdsvis god utsikt frå toppen. Turen og toppen var høgdepunktet blant dei fire toppane eg gjekk på i dag.Det var varierande myrterreng og skog, og ekstra blautt i terrenget var det nok på grunn av kraftig regnvêr dagen før og helga før.

Map    

Sollihøgda - utsiktstopp med lite besøk

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
0.9km

Dagens andre topp var ein liten avstikkar frå hyttefelt i Jenssvea. Det gjekk ein delvis tydeleg sti oppover, med ein liten avstikkar mot toppen. Toppen har bra utsikt, men verkar ikkje til å ha mykje besøk.

Map    

Sæterhaugen

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
1.3km

Dagens første topp var Sæterhaugen. Kort veg frå snuplassen nord for toppen. Fin sti gjennom skogen. Vått i terrenget etter gårsdagens regnvêr. Ut frå toppbeskrivelse m.m. kunne det sjå ut til at det gjekk greitt å køyre til snuplassen så lenge bommen var open. Det var ein liten øvelse. Standarden begynte sånn toleleg bra, så eg køyrde på med optimisme, men vegen vart gradvis dårlegare oppover med djupe hjulspor og greiner som stakk ut i vegen. Anbefalar altså ikkje bil opp, så sant den ikkje er høg i underkant.

Map