Archive - Date
Archive - Activity
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (256)
- Backcountry skiing (72)
- Cross-country skiing (175)
- Trip by foot (460)
Hesttjernberga
- Date:
- 28.05.2017
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 5.5km
Fin topptur. Turen gjekk på god sti fram til Bemmerudsetra, så gjennom skog før vi kom på ein ny grusveg. Opp til sjølve toppen var det lite eller ingen sti. Tydeleg at dette er ein topp utan mykje besøk. Til å vere ein slik topp, var utsikten ganske bra. Gjekk ein "snarveg" ned att, som hadde lite sti. Det går ein sti langs Svartvatnet, men det var tydeleg at denne ikkje hadde mykje besøk.
Snøåsen
- Date:
- 28.05.2017
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 6.3km
Fin tur til Snøåsen. Først skogsveg, deretter blaute restar av traktorveg, så delvis sti. På nedturen unngjekk eg det blautaste terrenget, men det vart noko meir smyging innimellom tre. Med litt meir tilrettelegging og litt hogst på toppen, har dette potensiale til å bli ein ganske OK topptur.
Fuglbakken
- Date:
- 23.05.2017
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 6.8km
Tur til Fuglbakken. Turen gjekk opp langs skogsveg som låg fint i terrenget. Rett før toppen tok eg av ein sti og så ikkje sti. Litt buskas og myrtrakking for å kome til toppen, men eg kom opp :). Erfaringsmessig brukar slike toppunkt å vere skogdekt, men her har det vore hogst få år tilbake, med flott utsikt frå toppen. Nesten rart det ikkje går fleire her (lite spor/ingen sti opp mot toppen), tatt i betraktning utsikten. Ned att gjekk eg delvis same veg, men fann ein sti som var skilta med "Tur 19" ned mot bilen.
De syv fjell i Svatsum
- Date:
- 01.05.2017
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 18.9km
Flott skitur i nytt, ope og snilt fjellterreng. Turen gjekk over "de syv fjell i Svatsum".