Kvitlenova (23.07.2021)


Start point Tystigen (1,064m)
Endpoint Tystigen (1,064m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 50min
Distance 9.5km
Vertical meters 905m
GPS
Ascents Kvitlenova (1,898m) 23.07.2021

Fin, varm og solrik tur til Kvitlenova. Krevjande terreng i starten langs stolheistraseen med svaberg og laus stein. Veldig blokkete og kronglete på ryggen langs toppen av breheisen. Vidare frå 1600 m.o.h. var det meir lettgått og steinete terreng opp mot toppen. Fin utsikt mot Tystigbreen og fleire dalar og toppar i området. Har ikkje vore oppe i området her sidan eg gjekk tur på langrennski i oppkøyrte løyper på Tystigbreen på 1990-talet.

På veg oppver brattbakken. Vart tidleg sesongslutt her i år.
På veg oppver brattbakken. Vart tidleg sesongslutt her i år.
Utsikt mot Langevatnet og Gamle Strynefjellsvegen.
Utsikt mot Langevatnet og Gamle Strynefjellsvegen.
På toppen av breheisen.
På toppen av breheisen.
Fin utsikt mot Langevatnet og brebassenget der skiaktiviteten nok var størst på 1990-talet.
Fin utsikt mot Langevatnet og brebassenget der skiaktiviteten nok var størst på 1990-talet.
Nærmar meg toppen, med utsikt ned mot Mårådalsbreen.
Nærmar meg toppen, med utsikt ned mot Mårådalsbreen.
Nærmar meg toppen, med utsikt ned mot Mårådalsbreen og dalføret der turstien mellom Skridulaupbu og Hjelledalen går.
Nærmar meg toppen, med utsikt ned mot Mårådalsbreen og dalføret der turstien mellom Skridulaupbu og Hjelledalen går.
På toppen, med utsikt mot fjella i både Oppstryn og Nedstryn.
På toppen, med utsikt mot fjella i både Oppstryn og Nedstryn.
Lite bredemt vatn i underkant av Kvitlenova, blir inntil vidare halde på plass av Tystigbreen.
Lite bredemt vatn i underkant av Kvitlenova, blir inntil vidare halde på plass av Tystigbreen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.