Kvitenova søraust for (01.04.2021)


Start point Geirangerkrysset (931m)
Endpoint Geirangerkrysset (931m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 4h 56min
Distance 17.8km
Vertical meters 730m
GPS
Ascents Sørøst for Kvitenova (1,563m) 01.04.2021

Skitur til denne toppen, som pussig nok ikkje ser ut til å ha fått noko namn.

Fint nysnøføre og til dels fint ver, så eg gledde meg til endelig å få litt godt skiføre ned att.

Opp mot toppen skya det til, og det vart skikkeleg blindeføre ned att. Då det i praksis ikkje var mulig å sjå konturane i landskapet, måtte eg dessverre berre ta det veldig med ro for ikkje å plutseleg renne ned eit bratt heng.

Men fin natur og fint føre elles, ein tur som fristar til gjentakelse ved både gode snøforhold og fint ver.

Er oppe på 1160 moh etter første stigning. Ser dagens turmål i det fjerne.
Er oppe på 1160 moh etter første stigning. Ser dagens turmål i det fjerne.
Er no kome opp til Oppljosvatnet. Toppen er delvis skoddedekt, eg skal oppover i skaret til venstre før eg angrip toppen frå "baksida".
Er no kome opp til Oppljosvatnet. Toppen er delvis skoddedekt, eg skal oppover i skaret til venstre før eg angrip toppen frå "baksida".
Tilbakeblikk ned mot Oppljosvatnet.
Tilbakeblikk ned mot Oppljosvatnet.
Utsikt mot det eg trur er toppen "Raudnova, søraust for". Hit har eg også tenkt å gå, men då på sommarstid frå gamle Strynefjellsvegen.
Utsikt mot det eg trur er toppen "Raudnova, søraust for". Hit har eg også tenkt å gå, men då på sommarstid frå gamle Strynefjellsvegen.
Bildet tatt opp mot dagens turmål. Veret ser lovande ut så langt.
Bildet tatt opp mot dagens turmål. Veret ser lovande ut så langt.
Tilbakeblikk mot flata på kring 1370 moh før siste oppstigning.
Tilbakeblikk mot flata på kring 1370 moh før siste oppstigning.
Sånn ser det ut på toppen. Utsikten ikkje det heilt store å skryte av.
Sånn ser det ut på toppen. Utsikten ikkje det heilt store å skryte av.
Så vidt eg greidde å finne skispora på veg ned att.
Så vidt eg greidde å finne skispora på veg ned att.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.