Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vårskitur til Myrfjell og nabotopper

Date:
10.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Etter ein uvanlig snørik vinter var det framleis mykje snø i høyden. Bar med meg ski langs anleggsvegen frå kraftverket opp til Myrtjørna. Godt skiføre og minimal skibering over 550 moh. Oppe ved demningen såg eg meg ut ei rute til Storbakknuten opp den bratte nordvestsida. Måtte bære ski i det brattaste partiet, men ellers greit å koma meg opp siden det var godt hold i snøen. Rant så ned over Krokavatnet og gjekk opp sørsida til Myrfjell. Så ned igjen og opp via nordvestryggen til Litla Kaldavassheia. Vidare austover via fleire sekundærtopper til Støle Turisthytte. Retur vestover via Jensavatnet, Krokavatnet og Holavatnet og ned til den nederste hårnålssvingen på anleggsvegen mellom Myrtjørna og Maudal. Skiføret tok slutt på ca 500 moh, og bar skia på resten av turen.

Map    

Lysekammen frå Svartevassdammen

Date:
07.06.2014
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
14:15h

Etter ein snørik vinter var det fortsatt skiføre over 900 moh i Sirdal- og Lyseheiane. Sykla frå Ådneram i 13-tida på bomvegen opp til Grauthellervatnet og bar med ski opp til demningen. Så stort sett på samanhengande skiføre vestover til Grauthellerheia. Mest snø i nord- og austhellinger. Termometer på baksida av hytta til Luftfartsverket viste 15 gr. Droppa å gå oppom Grauthellerheia vest, men fortsatte vestover gjennom det tronge Fitjaholet og opp til Klumpen og vidare til Lysekammen der eg ankom utpå kvelden. Retur omtrent same veg, men bar ski og gjekk på stien langs nordsida av Grauthellervatnet på tilbaketuren. 12 t lang tur inkl pauser i tillegg til drøyt 1t sykling opp og ner. Pga sein avmarsj blei det langt utpå natta før eg var nede igjen ved Ådneram. Ein skal jo >>>

Map    

Urdalsknuten og Bergeheii

Date:
29.05.2014
Map    

Sinneskula

Date:
28.05.2014
Map    

Blåfjell og Stutaheia

Date:
28.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Vårskitur i indre Forsand

Date:
26.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
12:00h

Sykla på anleggsvegen frå Ådneram til Duge kraftverk nedanfor svartevassdammen. Vegen blei brøyta opp i slutten av mars pga utbetringsarbeid på demningen. Gjekk på ski over Grauthellervatnet forbi turisthytta og vest- og nordover over sørvestre del av Svartevatnmagasinet. Så vestover til Klumpen og nordvest til den namnlause 1174-toppen. Så austover via Tverråflærne til Svåhellerheia og Loneknuten. Rant så ned sørover ut på Svartevatnet til demningen og ned til Duge. Ca 1t å sykle kvar veg og 10t skitur i fint men disig og varmt ver.

Map    

Grubba og Bergheii

Date:
25.03.2014
Characteristic:
Backcountry skiing

Skitur frå høgfjellshotellet på Fidjeland. Gjekk i oppkjørt løype eit stykke opp Jogledalen og så opp i nordsida til Grubba. Var og bortom sørtoppen som har stor forseggjort varde og så videre austover til Såta og til Bergheii. Herfra rant eg ned på Svartavatnet og så ned til Jogledalen. Var ingen spor øverst i dalen. Kom inn på den oppkjørte løypa ved ei meste nedsnødd hytte ved Steinbutjødna. Rant så ned igjen til Fidjeland. Fint ver, men tungt skiføre pga 30 cm nysnø men stedvis avblåst, hardt og isete over 1000 moh.

Map    

Tverråknuten og Hunnefjell

Date:
21.11.2013

Gjekk frå Tverråna i Hunnedalen langs vestsida av Tverråtjørn opp på Tverråknuten og ned nordaustover forbi Tuftetjørni opp til Hundetodalen og opp på Søre Hunnefjell nordfrå. Litt isete og bratt der, men kom greit opp. Retur ned nordaustryggen og ned Grodalen til Flæene nord for Hunnedalsvegen. Fulgte fv 45 tilbake til Tverråna. Klart og kaldt ver med begynnande islegging på vatna i området, men ingen is på Øyarvatnet. Målte 6 cm stålis på Grodalstjørna på 939 moh. 7 cm nysnø i Hunnedalen, mens det var en del gammal hard snø over 900 moh.

Map    

Kveldstur til Urdalsknuten

Date:
21.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk på ski over Rosskreppfjorden. Brukte 2t kvar veg over fjorden og 1,5t på oppstigninga. Fortsatt bra med snø sjøl i sørhellingane. Skodda kom sigane vestfra da eg nådde toppen. Retur omtrent same veg tilbake. Hadde begynt å bli dårlige isforhold med ein del sørpeføre over fjorden.

Map    

Gleeshei og nabotopper

Date:
18.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:00h

Parkerte ved Ålsheia skisenter og bar med meg ski oppover på anleggsvegen til Vreistebrotet, og gjekk utpå Valevatnet ved demningen i vika. Vårløysninga var godt i gang, men ennå tjukk is. Gjekk i land ved Daureli og gjekk oppover den austvendte fjellsida til Lysedalsknuten der det stort sett var samanhengande skiføre. Så vidare nordover til Åtjørnknuten, og austover til Gleeshei og Svåbergknuten. Rant så ned til Valevatnet igjen og tilbake til sørsida, og var oppom Daurelirinnen. Gjekk så opp til Stølskvævknuten. Brukte ski der det var snø men måtte stedvis bære skia en del plasser. Resten av turen sørover bar eg ski med meg over Skarliåsane og Soleiknuten. Lummert ver med en del fjerne lyn om kvelden.

Map