Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Geitfjellet

Date:
13.09.2014

Gjekk frå Korsmyra på merka sti vestover mot Gomsdalen. For å unngå ca 350 hm nedstigning til Gomsdalen gjekk eg i ein bue nordover mot Sleddalen. Det blei litt krattkrig her så det er nok ikkje så veldig mykje å vinne på denne omgåelsen av Gomsdalen. Runda Gomsdalen i nordvest på snaut 800 moh og gjekk videre vestover til sadelen aust for Storvatnet. Herfra var det bare å ta fatt på nordaustryggen mot pkt 1070 og videre bratt opp aust for punkt 1392. Så i litt slakere ur det siste stykket opp til Geitfjellet. Nokon mindre innstallasjoner på topplatået. Fin utsiktstopp men det låg dessverre ein del skyer nedpå fjella langs horisonten. La returen bortom Teinosa og ned i Gomsdalen. Trimpost med bok på stølen ved punkt 626. Herfra var det heldigvis god sti opp igjen på austsida >>>

Map    

Tolleknivsegga og Kallskaregga

Date:
12.09.2014
Map    

Blåhornet og Storåsnakken

Date:
11.09.2014
Map    

Kvitnykja og Blåfjellet

Date:
04.09.2014
Map    

Lauparen og Grytavasstinden

Date:
03.09.2014
Map    

Næremstindane og Geitenibba

Date:
02.09.2014
Map    

Mehornet og Jolgrøhornet

Date:
01.09.2014
Map    

Travers over Storbua

Date:
31.08.2014

Gjekk frå Pusken på merka sti langs nordsida av elva oppover mot Dyrdalen. Litt nedanfor skoggrensa går det faktisk ein merka sti som tek av opp til Dyrdalstinden. Traff på fleire folk på veg ned som kun hadde vore på Dyrdalstinden. Vardebok på toppen og her såg eg at kjentfolk hadde vore på ferde dagen før. Fortsatte på eggen som smalner av videre nordover over Trollbotntiden men så på brei rygg oppover til Månvasstinden og så vestover til Storbua, Kvasstinden og Sandfjellet som er høgaste topp i Vestnes kommune. Godt besøkt topp dette ifølge vardeboka. Gjekk så ryggen ned sørvestover over Kvasstinden 1060 og ned i Jolbotn og så på god sti tilbake til Pusken. Totalt 12t rundtur, men med lange pauser på toppane i flotte seinsommarveret.

Map     4 comments

Overøystolen og Auskjeret

Date:
30.08.2014

Frå Fv 650 mellom Liabygda og Stordal svingte eg av til Overøye. Ca 1 km nord for skitrekket er det ei ferist der elva Fremstegrova renner under vegen. Snaut 50 m nord for ferista er det ein merka, men stedvis utydelig sti opp til Fremste Overøybotnen. Her var det mykkje båbær som eg fråtsa i meg ein del av. Videre gjekk eg over ura nordover og så vestover opp til toppen. Liten varde her men flott utsikt likevel. Fulgte så ryggen sørover over Kollen og opp den særs bratte nordsida til Auskjeret. Var innstilt på å måtte gå rundt i vestsida for å koma meg opp, men det gjekk greit å klyve opp på mosegrodd stein. Fleire småvarder på topplatået og ved den sørvestlige varden var det boks men utan bok. Gjekk ned over Sandfjellet og austover ned mot skitrekket som eg fulgte ned >>>

Map    

Storhornet og Leirvasshornet

Date:
29.08.2014

Fra Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen sykla eg ned til Mesætra der eg gjekk over bru over Moldskreddøla på stedvis utydelig sti opp gjennom bjørkeskogen. Over skogen gjekk eg opp sørsida til Storhornet. Varde med bok her og flott utsikt over til Stranda. Fulgte så god sti ned til Samfunnskaret. Her er det merka sti opp frå Habostadsætra. Eg gjekk derimot videre sørover på austsida av Pottdalsvatnet og så vestover på sørsida av vatnet og i underkant av nokre brear som går ned til ca 1100 moh. To av breane er ikkje innteikna på kartet. Kom meg så over til vestsida av Leirvasshornet og derfrå greit til topps. Nordaustryggen til Leirvasshorent har eit styggbratt parti som eg ikkje tok sjansen på å gå opp. På det austvendte topplatået er det ein bre som heller ikkje synes >>>

Map