Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Veirahaldet og Blåtinden

Date:
22.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h

Gjekk opp langs heistraseen og nordover forbi Storvatnet på vestsida og opp til Veirahaldet som har varde med bok. Vidare ned den bratte sørausteggen der eg måtte vera veldig forsiktig et stykke ned mot Kolbeinsskaret. Det er bratt sva med mose- og grasdekte hyller i mellom. Stor utglidningsfare her, men det hadde heldigvis torka litt opp etter alt regnet kvelden før. Nokon småhamre måtte også omgås i sjølve skaret. Så enkelt opp til Blåtinden som har varde med bok. Var bortom trigpunktet før eg gjekk sør- og sørvestover forbi Trollvatnet på austsida og sørover til Eitrefjellet og ned langs alpintraseen igjen. Tok eit bad i bekken ved skisenteret før eg reiste ned til Sæbø på Peakbooktreffet.

Map    

Storesarpen og Røvsdalsnipa

Date:
21.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Hadde kjørt opp den bratte anleggsvegen til Dansavatnet dagen før for turen til Blæja. Frå dammen i sørenden av Sarpavatnet gjekk eg opp austryggen til Storesarpen og vidare vestover til Røvsdalsnipa som har varde med bok. Så tilbake igjen over 917, Rypeholten, 658 og Sølvbergnausen. Sønnavind og regn, men god sikt og ein lang periode med opphald tidleg om kvelden. Ingen store pf-topper, men ein enkel tur pga veret som likevel ikkje blei så gale.

Map    

Blæja, Tuva og Blæjeskartinden

Date:
20.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Map    

Åsbøsnytå

Date:
25.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h

Det evigvarande høgtrykket over midt-Norge måtte til slutt gje tapt for lågtrykk frå vest, og dette blei den siste dagen med øyvindver på ei stund. Dette blei og min siste tur i den 7 veker lange eventyrlige haustferien min. Det blei ein relativt kort avslutningstur til Åsbøsnytå. Det var god sti opp frå sør- og austsida. Var oppom ein mindre topp kalt Kringlåthaugen på veg ned igjen. Det var 2-3 timer med dagslys igjen så eg reiste mot Kvanne og tok ein tur opp til Bjørndulu som har veg opp der det er mobilmast. Parkerte ved Søyset der vidare innkjøring stod skilta forbudt. Skogkledd topp så ikkje særlig utsikt der, men fekk gjee meg varm nok til å ta eit bad i elva til slutt. Det var overraskande nok is i elva nede ved Kvanne bare ein snau km frå utlaupet i fjorden. Det >>>

Map    

Rundtur over Sula

Date:
24.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:30h

Kjørte Blomlivegen (40 kr) kvelden før opp til Svinvikstra som er eit godt utgangspunkt for tur over dei karakteristiske Sulatoppane som er synlige frå store deler av Trollheimen og Nordmøre. Det var god sti opp til Ytre Sula og et par damer var og på tur denne måndagen. Oppe på 1100 moh flater det litt ut og der skar eg ut av stien sørover for å få med meg ein smultring sør for Sula. Derfrå gjekk eg opp sørryggen til Ytre Sula. Etter ein liten times pause gjekk eg vidare austover til Indre Sula som er 7 m høgare enn Ytre Sula. Den virker adskillig mindre besøkt, men er då heller ikkje like lett tilgjengelig som Ytre Sula. Dei nevnte damene såg eg heller ikkje meir til, men dei hadde skreve seg inn i boka på Ytre Sula. Hadde planer om nokre ekstra bonustopper denne dagen så >>>

Map    

Bergefjellet og Arasvikfjellet

Date:
23.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
4:30h

Her var Boven's turbeskrivelse god å ha. Rekna med å ende opp på Arasvikfjellet fyrst, men stien gjekk via Svarttjønna til Bergefjellet. Varde og bok der. Så gjekk eg ned igjen til Svarttjønna og opp utan sti til Arasvikfjellet som og har varde og bok. Ned igjen fant eg ein svak sti sørover, og den kom inn på stien mot Bergefjellet nede i skogen. Dette stidele såg eg ikkje på veg opp. Vel nede i Vågosen tok eg ferja over til fastlandet og reiste sørover forbi Surnadal til Svinviksetra for å ta Rundtur over Sula dagen etter.

Map    

Korsbekkfjellet og Ertvågsfjellet

Date:
22.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:00h
Map     1 comment

Todalsfjellet og Kakheia

Date:
21.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:45h
Map    

Skarven og Jørenvågsalen

Date:
20.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
8:45h
Map    

Storøra

Date:
19.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Map