Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Other winter trip (13)
- Snowshoe trip (13)
-
Ski trip (130)
- Backcountry skiing (128)
- Cross-country skiing (2)
-
Trip by foot (519)
- Alpine trip (2)
- Hike (408)
- Hillwalk (100)
- Walk (7)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Collected lists
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favourite peaks
Sikvalandskula
- Date:
- 25.08.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 4:55h
- Distance:
- 11.9km
Kortaste rute til Sikvalandskula er frå Sikvalandsvegen aust- eller nordfrå, men eg tok ein lengre tur via Skårlandskula frå Snorestad. Fulgte merka sti til Skålandskula, men det er ikkje sti vidare derfrå til Sikvalandskula. Gjekk vidare i terrenget til Varden, Knuden og Hagafjell. Det var blaut etter mykje regn siste dager så gummistøvler var nødvendig for å kunne gå tørrskodd.
Vallresknuten og Stølsknuten
- Date:
- 13.08.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 8:25h
- Distance:
- 12.8km
Parkerte på anvist p-plass på nordsida av Hunnedalsveien mellom Byrkjedal og Motland. Gjekk på blåmerka godt synlig sti bratt opp langs Aleksanderjuvet. Imponerande at nokon har funne på å lage sti opp den tilsynelatande utilgjengelige fjellsida. Var en del blåbær og faktisk litt villbringebær langs stien oppover. Det er nok ein sti som har vore frå gammalt av, men så har Foreningen for Stølsliv og friluftsliv i indre Gjesdal lagt ned betydelig dugnadsinnsats med merking av stier og bygging av nye stølshytter som Vallresbu.
Etter ein pause på Vallresknuten gjekk eg stort sett uten sti vidare til Dypingsknuten, Rauafjellet og Snorreknuten. Så gjennom nokså tett bjørkeskog ned til Hunnedalsvegen, og til slutt drøyt 2 km langs vegen tilbake til utgangspunktet.
Myrfjell og nabotopper
- Date:
- 12.08.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 8:43h
- Distance:
- 20.6km
Parkerte ved bommen drøyt ½ km før kraftstasjonen. Dei gamle bygningane er revne, og det var forskalingsarbeid i fbm med nybygg. Stod skilt om Adgang forbudt på anleggsvegen opp mot Myrtjørna, men eg "oversåg" det og det var ingen virksomhet langs vegen. Frå den første hårnålssvingen fulgte eg blåmerka sti skilta til Jensastølen. Stien var stedvis veldig fuktig etter mykje regn foregåande 3 dager.
Ved sørenden av Krokavatnet traff eg på eit par så var på dagstur til Jensastølen og skulle tilbake til Maudal. I Fjorungsdalen forlot eg stien og gjekk nokså bratt opp til Litla Kaldavassheia. Fulgte ryggen ned nordvestover og så opp den breie sørsida til Myrfjell.
Etter ein pause på toppen gjekk eg ned på sørsida av ei markant renne/ kløft i sørvestsida. Hadde ikkje >>>
Snodkoll og en del småtopper
- Date:
- 06.08.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 7:42h
- Distance:
- 13.5km
Kjerringfjellet og Askenuten
- Date:
- 02.08.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 7:05h
- Distance:
- 15.9km
Kisthei og en del småtopper
- Date:
- 09.07.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 11:58h
- Distance:
- 17.7km
Parkerte på den store p-plassen i krysset mellom vegane til Åvedal og Voreknuden. Vegen til Voreknuden er stengt med bom, men eg gjekk rett ut i terrenget sørover til Mehei og Hapshei. Så vestover via sørenden av Heptetjørna og fulgte en ny skogsveg til Kvelland som ikkje er innteikna på kartet. Derfrå på god grusveg opp til Voreknuden som har mast og trimpost. Derfrå ut i terrenget igjen over Kisthei's jamnhøge topper. Er sikker på at eg var på begge toppane på turen til Kisthei og nabotopper for 12 år sidan, og nå er eg i alle fall bombesikker. Vidare nordover til Klemmesknudane og ned til Mydlandsveien ved nordenden av Åsvolltjørna. Så et stykke langs vegen og ut i terrenget igjen via Skogeknuten og Tjødnefjell tilbake til Åvedalsveien. Tung tur i for det meste høgt gras utanfor vegane.
Storastø
- Date:
- 08.07.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 4:22h
- Distance:
- 9.0km
Den kortaste og enklaste ruta til Storastø er nok frå Røyland, men eg ville gå frå Åvedal for å få med meg fleire jamnhøge sekundærtopper sørvest for Storastø. Grei parkeringsplass ved sørenden av Navrestadvatnet. Mulig det er forbeholdt hytteeigarar, men stod ikkje oppslag om privat perkering. Gjekk forbi Åvedal og vidare på skogsveg et stykke opp mot Jomahei. Vidare i kupert skogsterreng resten av turen via Orrehei til Storastø der det er fin varde. Retur tilbake til Åvedal.
Rambjørknuten
- Date:
- 27.06.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 8:39h
- Distance:
- 15.4km
Ved Austrumdal er det en liten turparkeringsplass på sørsida av vegen ved elva. Gjekk derfrå på traktorveg et stykke langs austsida av Austrumdalsvatnet. Fulgte vidare merka sti mot Hegelstad på deler av turen. Tok avstikkere frå stien og var oppom toppane 737, 739, Rambjørknuten 812, Rambjørheia 716, 700 og Finnslåttknuten 662. Gjekk så bratt ned, stedvis på dyretråkk, gjennom skogen langs høgspenttraseen. Kom ned til ei hytte og eg slo av en prat med hytteeigaren så dreiv med hagearbeid. Vidare på sti ned til vatnet og så på fin sandstrand nordover til utløpselva. Der er det stiger for å kunne steingå tørrskodd over elva ved Austrumdalsvegen. Hadde på forhånd lagt frå meg sykkel der og brukte en drøy halvtime på å sykle ca 7 km tilbake til Austrumdal i motvind.