Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Kammen og Vardafjellet

Date:
10.06.2012

Begynte turen opp til Kammen frå Røyrdalen ovanfor dirdalstunellen. Gjekk så gjennom Norstone sin tunell opp til steinbrotet. Siden dette var sundag var det heldigvis ingen aktivitet der. Ellers kjøres det tidvis natt og dag, og ein bør absolutt ikkje gå gjennom den tunellen når det er anleggstrafikk. Var først på vesttoppen på 370 m som eg trudde var toppen siden det låg to steiner oppå kvarandre som varde. Gjekk videre nordover til Vigaknuten som har ei mast på toppen. Såg deriffrå at det var en topp til lenger aust på Kammen som kanskje var høgaste punkt, men som eg hadde oversett pga den tette bjørkeskogen. Var oppom begge toppane på tilbaketuren. Etterpå gjekk eg frå Rage gjennom sandtaket opp i skaret vest for Vardafjellet og opp vestryggen. Vidare ned igjen på austsida >>>

Map    

7-nutstur og et par til i Sandnes

Date:
03.06.2012
Characteristic:
Hike

Start/ mål ved skytebanen på Vatne. Begynte å gå kl 11.45. Løypa går over Mattirudla, Bjørndalsfjellet, Fjogstadnuten, Dalsnuten, Øvre Eikenuten, Rudla og Vassfjellet. Mellom Fjogstadnuten og Dalsnuten tok eg ein avstikker opp på Skjørestadfjellet som ikkje inngår i 7-nutsturen. Brukte 6t inkl kvarters pauser på 300m-toppane. Lettskya fint og litt kjølig ver med nordatrekk og upåklagelig utsikt. Nordover kunne eg bl.a sjå Englafjell og Ulvanosa i Kvinnherad og Hustveitsåta, Kyrkjenuten og Skaulen i Sauda. Som vanlig mange folk som gjekk den populære 7-nutsturen. Etterpå gjekk eg frå Haga opp på Hagafjellet på andre sida av rv 13.

Map    

Brendeknuten og Skorva

Date:
21.04.2012

Gjekk frå Bjødnabu på sti det første stykket før eg gjekk over Saupstølheia og opp i skaret mellom dei to toppane til Brendeknuten. Besteig først sørtoppen som er nesten like høg som hovedtoppen. På hovedtoppen er det stor varde og ei lita bu med solcellepanel til lading av en sender. Gjekk så nedover mot Undestølsvatnet, og det var en del mjuk snø i det austvendte terrenget. Det går sti langs vatnet, men eg tok den lette veien over isen, som var ca 30 cm, før eg tok fatt på den nesten snøfrie sørsida til Kolleåsen. Et stykke oppe i lia haurte eg hamring og banking og eg tenkte det kunne være vedhogst som foregjekk. Det viste seg derimot at det var sjølvaste "Snøhulemannen" frå Hjelmeland, som det blei laga film om for 2-3 år siden, som hogde ut steinblokker >>>

Map    

Rullefjellet, Bynuten og Grytefjellet

Date:
15.04.2012

Gjekk frå parkeringsplassen ved fv 508 mellom Oltedal og Høle på anleggsveg, den såkalte Lysevegen, forbi Auratjørna og på vegens høgaste punkt gjekk eg nordover opp til Rullefjellet. Gjekk ned søraustover og over Buløyfjellet og så opp den bratte "nordeggen" til Bynuten. Gjekk så videre austover til 615 og 649 for å få litt betre utsikt austover før eg gjekk ned på sørsida av Storatjørn og opp på Kvelvane og så nordover til Grytefjellet. Denne sundag ettermiddagen var det nordvest frisk bris og det kom enkelte snø- og haglbøyer, men det var og perioder med sol. 7t rundtur.

Map    

Vådlandsknuten

Date:
08.04.2012
Characteristic:
Hike

Gjekk kl 15 frå den øverste parkeringsplassen forbi Madland på stien opp langs Fossbekken til Vådlandsknuten. Isen på Fisketjørnane hadde forsvunne i mars, men det var tynn nylagt is nå så måtte gå stien langs sørsida. Det var opptil 10-15 cm nysnø og spor heilt opp. Blei nr 39 i skrøydeboka til nå i år. Gjekk ned igjen over Rolighetsvatnet som var farbart og så over 714 og over Longatjørn og opp til Rundetjørnnuten. Her kom det opp frå sørsida et par andre med kvar sin fuglehund. Var overaskande å treffe på andre nå i snøveret i kveldinga, men me slo følge ned på nordsida og på T-stien tilbake til parkeringsplassen.

Map    

Bråsteinåsen og Krossfjellet

Date:
06.04.2012
Map    

Oreheia og nabotopper

Date:
04.04.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
12:00h

Gjekk frå parkeringsplassen på austsida av Stavtjørna på sti opp Lomsdalen og så på ski videre til Hommadalen. Det var så elendig skiføre at her satte eg frå meg skia og gjekk videre til fots på vekselvis skaresnø og barmark opp Austdalen til Bringeknuten. Gjekk så ned til vestsida av Austdalstjørn og gjekk opp til høgaste punkt på Oreheii. Så vestover over trigpunktet og så til Hommaknuten. Ned igjen den ganske bratte nordvendte skråninga mellom Hommaknuten og Oreheii. Hadde for sikkerhets skuld med stegjern og dei kom til sin rett på den harde snøen, men det hadde nok gått an å koma seg ned uten stegjern og. Så over brua over elva og langs stien tilbake til Stavtjørn. 12t på tur i flott påskever.

Map    

Klubbafjellet og nabotopper

Date:
31.03.2012
Characteristic:
Hike

Gjekk frå Fv 661Songesandvegen frå avkjørselen til Lyngsvatnet opp til demningen. Isen var i full oppløysning så det blei ingen snarveier der slik eg hadde tenkt. Gjekk til fots langs nordsida av vatnet et stykke og så opp på Klubbafjellet. Snøen var farlig hard og isete i nordhellingane. Gjekk så ned i Lyngsdalen og litt ned i Rausdalen og skrådde opp til Høgehei. Gjekk ned i vestsida og opp nordaustryggen til Dukoll. Gjekk ned den nokså bratte nordvestsida (som var nesten snøfri) mot garden Åse, og fulgte så grusvegen tilbake til Fv 661. Det var lettskya ver og svak NV-vind denne laurdagen.

Map    

Lindtjørnsknuten og Sandstølknuten

Date:
25.03.2012
Characteristic:
Hike

Gjekk frå ein parkeringsplass sør for Furbekktjørna på sti forbi Sandstølvatnet og mellom Sandtjørnane opp til Skogefjellet, over topp 671 og Bergeheia til Lindtjørnsknuten. Så til vesttoppen som er Lunds høgaste topp. Gjekk ned igjen på ryggen nord for Raunelivatnet og over topp 630 og ned til Espelistøl og fulgte den nordligste stien til Sandstøl og så oppom på Sandstølknuten og ned til Furbekktjørna igjen. Det var fint ver og vekslande snøforhold, men stort sett skaresnø etter nattefrost. Vil anslå at over halvparten av terrenget var bart nå etter ein mild mars månad.

Map    

Vallresknuten

Date:
18.03.2012

Gjekk på ski frå Giljastølen opp langs heistraseen som hadde samanhengande snø sjøl om det var store bare partier i bakkane på sida. Eit stykke ovanfor toppen av heisen kom eg inn på ferske skispor som eg fulgte opp til Vallresknuten. Det var 3 navn i boka frå før denne dagen. Gjekk så videre austover til Horten som ifølge kartet er 1 m lågare enn Vallresknuten. Gjekk så vidare austover bortom trigpunkt 854 der det er utsyn over nedre del av Øvstabødalen før eg gjekk vidare til Omundsslåtten som har like flott varde som Vallresknuten. Returen la eg nord- og vestover for å få med meg litt utsikt ned i Frafjorddalen.

Map