Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Marinuten og Børelsknuten

Date:
12.05.2012
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk på ski frå Lortabu til Sandvatn turisthytte og videre til Sandvassknuten og Degevassheia før eg kryssa Degevatnet på vei sørover til Marinuten. Derfra videre til Stolpefjell og så ned mot Grunnetjønnstølen og til fots opp og ned nordaustryggen til Børelsknuten. Toppen på Børelsknuten har en 3-4 m høg stein som eg ikkje klarte å koma opp på. Såg ikkje syn på å gå gjennom det tronge skaret i Gloppedalen sidan eg ikkje visste koss framkomeligheten var ned der, så eg gjekk opp igjen nordforbi Stolpefjell og ned på kvistaløypa sør for Lyseknuten ned til Lortabu. Var ingen ferske skispor å sjå i området. Det var nordvest kuling og lettskya ver med nokon lette snøbøyer i kveldinga. Vinden stilna av utover kvelden men det fraus på og blei skareføre.

Map    

Blåfjell, Husefjell og Endeheii

Date:
07.04.2012
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h

Gjekk på ski fra Hunnedalen opp Tveitabrekka og fulgte kvistinga til Tomannsbu. Her var det mange som rasta. Eg gjekk videre sørover til Vassvollvatn og Blåfjell som hadde 2m høg varde. Gjekk ned nordvestsida og rant ned til Blåfjelldalen og gjekk opp på Husefjell som bare hadde en stor stein på toppen. Gjekk så nordover på austida av Blåfjell til Kilen og Langevatn og opp i sørsida til Endeheii og så ned nordover ned på Djupevatn igjen forbi Tomannsbu. Såg ikkje teikn til folk der nå men godt mulig det var folk i hytta. Gjekk så i gått oppgådde skispor og tilbake til Hunnedalen om kvelden, og fekk sjå det årvisse fyrverkeriet påskeafta. Det var 10-15 cm nysnø på vatna men det var avblåst oppe i fjellsidene. Brukte 9,5 t på turen i nydelig ver og litt nordatrekk.

Map    

Lindtjørnsknuten og Sandstølknuten

Date:
25.03.2012
Characteristic:
Hike

Gjekk frå ein parkeringsplass sør for Furbekktjørna på sti forbi Sandstølvatnet og mellom Sandtjørnane opp til Skogefjellet, over topp 671 og Bergeheia til Lindtjørnsknuten. Så til vesttoppen som er Lunds høgaste topp. Gjekk ned igjen på ryggen nord for Raunelivatnet og over topp 630 og ned til Espelistøl og fulgte den nordligste stien til Sandstøl og så oppom på Sandstølknuten og ned til Furbekktjørna igjen. Det var fint ver og vekslande snøforhold, men stort sett skaresnø etter nattefrost. Vil anslå at over halvparten av terrenget var bart nå etter ein mild mars månad.

Map    

Rundtur via Tomlongsheia

Date:
02.03.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
9:00h

Gjekk frå Sætra nord for Moi, først et lite stykke i lysløypa og så i terrenget opp på Kjedleknuten. Så videre sør og austover til Øykjaheia, Svarttjørnheia og Tomlongsheia som er høgaste topp i Flekkefjord. Postkasse med bok ved en stor stein. Gjekk videre sørvestover over Rudleknuten til Steinsvassknuten som har en imponerande varde med hogde steinblokker, og boks med vardebok. Gjekk så over Steinsvatnet og opp på Trollarinda før eg gjekk nordover til Sætra igjen. Har minka veldig med snøen men eg gjekk til fots på god skare. Det var flott ver denne fredagen og eg brukte ca 9t på denne rundturen.

Map    

Brendamønet og nabotopper

Date:
26.02.2012

Gjekk frå Espetveit nordover langs Nespervatn til Litlaheia og så ned i Kveindalen og opp til Storheia. Her er det to omtrent like høge topper men vesttoppen står oppført med 795m. Gjekk videre til Skarvassknuten, Åhomfjellet, Samloghomfjellet og Brendamønet. Her er det en ca 5m høg stein litt aust for varden som er høgaste punkt, ca 3m høgare enn platået ved varden. Denne steinen var umulig for meg å koma opp på så her trengs en 4m lang stige e.l. Gjekk så sørover til Storehomknuten og vestover til Skeisrinden og så ned til Brekka og kom ned på Rv42 vest for Bjørnestadvatnet. Måtte da gå ca 5km tilbake til Espetveit. Hadde med ski men bar dei mesteparten av tida pga hard snø over 600m. Brukte ca 10t på denne turen.

Map    

Skitur til Sinneskula

Date:
15.05.2011
Map    

Stigesheia

Date:
23.04.2011
Characteristic:
Backcountry skiing

Parkerte på Øvstabøstølen seint på dagen og begynte å gå kl 14.30 opp til Tveitebrekka og derfrå på ski og fulgte løypa mot Tomannsbu til litla Øydevatn. Derfra gjekk eg opp til søre Stigeshei og fulgte ryggen sørvestover over fleire sekundærtopper før eg kom til høgaste topp på 965 moh vest for Seildalane. Det har vore ein fin og varm påske, så det var lite snø mange plasser så eg måtte bære skia en del. Rant ned til vestenden av ytre Stigesvatnet og gjekk nordover og fulgte Nonsbekken ned til Øvstabøstølen.

Map    

Ørnaheia og Strålausheia

Date:
16.10.2010

Kjøyrte lysevegen og tok av mot Langavatn og parkerte nedforbi bommen nord for Akslaråtjørna. Gjekk på vegen videre et stykke austover og så opp til Ørnaheia og så til sørausttoppen på 1079. Derfra gjekk eg sørover stort sett langs austbredden av Tjodanvatnet og over den litle betongdemningen i sørenden og opp til Strålausheia. Kom inn på den merka stien mellom Langavatn og Børsteinen og fulgte den forbi Halvfartjørna og gjekk så opp på topp 1111. Derfra videre nordvestover langs Tjodanvatnet og på anlegsvegen de siste 2 km. Bitte litt nysnø over 1000 moh og is på småtjørner. Skya ver men grei sikt denne laurdagen.

Map    

Skitur over Strålaus

Date:
02.05.2010
Map    

Skitur til Stutaheia

Date:
14.03.2010
Characteristic:
Cross-country skiing

Gjekk på nyinnkjøpte brukte langrennski fra Høgaleitet i Hunnedalen og fulgte kvista løype mot Blåfjellenden, men ved Leitesvatnet dreide eg nordaustover og gjekk mot Sandvatn. I austenden av Svartavatnet dreide eg sørover og gjekk opp på Stutaheia. Derfra gjekk eg sørvestover og ned til vestenden av Øyarvatnet og fulgte kvista løype tilbake til Høgaleitet. Denne dagen var det vekslande skydekke og sol av og til og nordvest frisk bris. Dette var ein test av skia det var meininga å bruke på Sesilåmi helga etter, men Sesilåmi blei dessverre avlyst pga sterk vind og overvatn i løypene.

Map