Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Borgsjåbrotet

Date:
30.07.2013
Map    

Tåråfjellet og Høgeli

Date:
30.10.2012

Parkerte ved Grønkjer skianlegg. Det kosta visstnok 50 kr i dagsparkering og eg tok med en giro fra en boks. Derfra gjekk eg ca 500 m vestover på hovedvegen og gjekk så på merka sti 6,3 km til Tåråfjellet. Det var bortimot 15 cm nysnø og eg mista stien noen plasser men fant den etter kvart igjen. Det var to postkasser med bøker på toppen. Fin utsikt over Notodden, og Gaustatoppen tok seg bra ut med sin pyramideforma profil sett herfa. Skyfri himmel første del av dagen men det skya etter kvart til frå vest. Da eg begynte å gå ned igjen ringte mobilen og det var fra politiet i Notodden. Dei lurte på om bilen min var stjålet og forlatt der den stod. Dei dreiv visst med undersøkelser i ei hytte ved Grønkjer der ei kvinne blei drept i midten av oktober. Var ikkje klar over at det >>>

Map    

Årnotra

Date:
29.10.2012
Map    

Røysdalsnuten og Blomtjørneggi

Date:
28.10.2012

Kjørte opp til Grimås og gjekk så på sti oppover til Grimaren. Stien var dog usynlig mange plasser pga snø. Gjekk derfra over Tjorbunuten til austsida av Årstaultjørni og nordover opp ei steinrøys vest for Røysdalsnuten. Dagen starta med klarver men det dreiv periodevis inn en del skoddeskyer frå sørvest men dei var heldigvis vekke mens eg var på toppen, men vinden auka opp frå sør. Gjekk ned mot austsida av store Tjorbutjørni og opp på Blomtjørneggi. Nå begynte det å skye ordentlig til frå vest og det var skoddeskyer nedpå Troganattan og Jøronnatten. Gjekk ned vestover mot Gråntjørn og utanom tjørnane fulgte eg stien ned til Grimås. Det var tjukk farbar is på småtjørnane mens Årstaultjørni og Tjorbutjørni hadde 4-5 cm stålis. Ellers var det stort sett 10-20 >>>

Map    

Gaustatoppen

Date:
27.10.2012

Parkerte ved Stavsrohytta der den øverste parkeringsplassen var brøyta, og gjkk normalruta opp til Gaustatoppen. Det var overraskande mange folk som hadde tatt turen og det var over 30 biler på parkeringsplassen. Godt opptråkka sti i snøen, og eg traff på mange som var på vei ned mens eg gjekk opp. Det var fint ver men dessverre skoddeskyer i vest og nord som øydela utsikten. Termometer ved turisthytta viste -8 gr og det var nordvest frisk bris, så det blei en kald fornøyelse der oppe. Returen la eg om Gaustaråen for å få med meg toppunktet i Hjartdal. Litt usikkert nøyaktig kor kommunegrensa går, men det skal vere et lite stykke sørvest for 1621-punktet. Det var en liten varde som kanskje markerte dette punktet. Det var ingen fotspor i dette området men et skispor. 15-20 cm >>>

Map    

Blefjell

Date:
26.10.2012

Kjørte fra Helleberg på bomvegen til Store-Ble og parkerte i nordenden av vegen. Gjekk derfra på T-merka sti via Nordstul, Grotbua og et stykke opp Langedalen opp til Bledalsrinden og så nordvestover til Store Ble. Gjekk så nordover til Nystulnuten og Gråfjell før eg dreide søraustover til Flesebekk-ble. La returen over Storevatn 1140 som hadde 10-15 cm tjukk is og videre sørover kom eg inn på T-stien igjen ved Grotbua og fulgte da stien tilbake til parkeringsplassen. Det var en del is i stien og ellers stort sett skaresnø som var veldig god å gå på. Det fint ver og nordvest frisk bris så det var kaldt på toppane. Skya forbigåande til frå nord i kveldinga og kom litt snødryss. Brukte ca 6t på denne rundturen.

Map    

Mannslagarnuten

Date:
25.10.2012

Sykla på en bomveg sør for Homflå opp Baklidalen til Sandtjørn. Fra austenden av tjørna skal det ifølge turkartet Seljord gå en kjerreveg ca 100 hm oppover, men den var så gjengrodd at eg ikkje såg den igjen på nordsida av bekken. Det var likevel farbart oppover i skogen og eg kom opp på Mannslagarnuten frå austsida. Lite snø her, men det såg ut til å vere atskillig meir i Lifjellområdet. Tok en runde over Hestestodnuten og gjekk ned via Mannslagarroi tilbake til Sandtjørn. Det var etter måten en tyngre tur ned enn opp så eg var litt uheldig med veivalget ned igjen. Brukte ca 6t på turen i lettskya ver, men rett før eg kom på toppen var det ei kort snøbøye. Det var nordvest stiv kuling og svært kaldt på toppen. Det var fotspor i snøen så det må ha vore andre folk >>>

Map    

Stavslinuten

Date:
23.09.2012

Parkerte ved et grdsbruk på Botne og gjekk på skogsveg forbi ei grind opp til vidsyn på ca 800 moh, og så på en dårligere skogsveg sørover et stykke før eg gjekk ordentlig ut i terrenget til Myrstøyl, over Vidsynnuten, ned i et bekkegjel og opp nordvestryggen til Stavslinuten. Fin pyramideforma varde på toppen som ifølge "nuteboka" nylig er bygd opp igjen etter å ha rast ned sist vinter. Fulgte ryggen videre et stykke og så over Krokktjønnutane og nordover ned skogen til eg kom inn på en annen skogsveg ned til Berdal og så opp til Botne igjen. Brukte ca 7t på denne rundturen men det var antakelig ikkje det raskaste og enklaste rutevalg hverken opp eller ned. Det stod i nuteboka om tidsbruk på en god time opp frå hyttene, og mulig det er frå Ormestøyl / Stavsli nordvest >>>

Map    

Skorve og Hestenutan

Date:
22.09.2012

Gjekk frå Skorvetoppen parkering 1,5 km aust for Kivlegrendi på bratt grusveg opp til Karlstaul og så på godt merka sti via flyvraket sør for Gøysen og tok derfra mi eiga rute siste stykke til toppen. Kraftig nordavind på toppen og det snøa over Mælefjell og Lifjell mens det var klar utsikt vestover. Fulgte sti videre til Nordnibba og ned forbi Såta som eg var oppom før eg gjekk opp på Hestenutan og ned på sørsida og over ei myr før eg kom inn på stien ovanfor Finndalen og fulgte den ned til Skridustaul og Tresland. hadde lagt fra meg en sykkel ved betalingsbommen og sykla derfra tilbake til Skorve parkering. Brukte 8t på denne rundturen.

Map    

Mælefjell og Blåtjønnfjellet

Date:
21.09.2012

Gjekk frå vestenden av Slåkjavatnet på sti til Londalsbrauta og så opp austsida til Steinfjellet og videre nordvestover i steinørken til Mælefjellmassivets høgaste punkt som har stor varde. Flott ver og det var snødekte topper på Haukelifjell og Hallingskarvet, mens Gaustatoppen var snøfri. Gjekk bortom nordausttoppen og ned den bratte nordsida der eg var litt uheldig med veivalget og det blei noe utsatt klyving ned noen plasser. Her var det frost så det var is fleire plasser i fjellsida. Gjekk rundt på nordsida av Londalsvatnet og opp på Gyvrenuten og dei to Blåtjønnfjella og over Slåkanuten til slutt før eg gejkk ned til Londalsbrauta igjen og fulgte stien tilbake til Slåkavatnet. Brukte drøye 10t på denne turen og grunna sein avgang måtte eg bruke lommelykt siste timen >>>

Map