Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Raudbergskarvet

Date:
24.07.2013

Etter turen til Store Hånosi via Senddalen gjekk eg denne dagen til Raudbergnuten med vondt kne etter at eg datt og slo meg kvelden før. Gjekk frå Bjøberg og fant ei grein eg kunne bruke som stav. Fulgte sti langs nordsida av Bjøbergdalen vestover og kryssa elva etter snaut 3 km. Vidare vest-sørvestover i slak stigning i gradvis meir småkupert steinterreng. Var vel litt i tvil om eg skulle ta denne turen med det forslåtte kneet, men veret for for fint til å la vere å gå på tur. Tok tida til hjelp og turen gjekk greit og fulgte nokonlunde same rute tilbake igjen.

Map    

Reineskarvet

Date:
12.10.2010
Map    

Vårskitur på Hallingskarvet

Date:
14.05.2010

Var med Stavanger turistforenings fjellsportgruppe på tur "Hallingskarvet på langs". Me reiste til Ustaoset torsdag 13. mai, og tok kveldstoget til Finse kl 19.50. Toget brukte en snau halvtime til Finse. Turistforeningens hytte på Finse var stengt, så me overnatta i telt på Finsevatnet. Morgenen etter starta me skituren til Folarskardnuten. Overskya til å begynne med, men det klarna fort opp så me fekk ein veldig flott og varm dag. Eg tok ein avstikker i fht dei andre og gjekk via Hellevassfonni til Folarskardnuten. Om kvelden rant me ned i Folarskardet for ny overnatting ikkje så langt fra Lordehytta. Planen var at me skulle fortsette over Prestholtskarvet dagen etter, men det blei avlyst pga skodd og det var meldt nedbør utover dagen. Me rant derfor ned til Haugastøl, >>>

Map    

Prestholtskarvet

Date:
10.09.2006
Map    

Folarskardnuten

Date:
09.09.2006
Map