Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Indra Øksnafjellet

Date:
07.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h

Parkerte ved hårnålsvingen vest for Laugaland. Gjekk derfrå på ein dårlig skogsveg vest- og nordover og ut i terrenget siste stykket til Havråsen. Så nordover forbi Havreåstjørna og inn på ein ny og betre skogsveg som eg fulgte opp til sørenden av Vikestølsvatnet. Derfrå over 436-toppen og opp til Koll. Så nordvestover til Veråsen og inn på skogsvegen igjen som her er litt gjengrodd og fulgte den til opp til ein dal på ca 450 moh på austsida av Indra Øksnafjellet. Her gjekk eg opp den bratte austsida der det viste seg å vere gode dyretråkk og dermed enklare oppstigning enn forventa. Kom opp på nordryggen og så sørover til topps. Ned igjen omtrent same veg og fulgte då den gode skogsvegen heilt ned til hovedvegen.

Map    

Nordraheia

Date:
06.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
6:15h

Sykla drøyt 5 km inn til Funningsland og henta sykkelen dagen etter. Fulgte så T-stien mot Kaldavatnet eit kort stykke før eg gjekk opp til Nordraheia der eg var seinast i fjor sommar. Men denne gongen blei det ein annan variant for å ta med nokre sekundærtopper nord for Funningslandsvatnet. Flott utsikt over Jøsenfjorden og fjella nord for fjorden på turen vestover til Nonsknuten. Vidare i skogsterreng sørvestover til Bjørnåsen, Nystølfjellet og Kolhaugane og ned til Funningslandsvegen. Måtte først krysse Lendingsåna som er vanskelig å gå tørrskodd over, men med ein stav i eine hånda gjekk det greit nå når det var lita vassføring.

Map    

Åsaheia

Date:
05.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Parkerte veg vegdelet i sørenden av Djupadalsvatnet. Gjekk forbi bommen og etter 2-300 m inn på ein skogsveg opp til venstre og så ut i terrenget opp til Kollane. Vidare over ei myr og opp til Åsaheia i austsida. Her var det skogsveg som kom opp sørfrå, muligens frå Tøtland, som eg kunne følge eit stykke mot toppen. To toppunkt over 540 m, og trigpunktet er nok høgast. Gjekk så bratt ned nordover til vegen mot Vormeland der eg på vegens høgaste punkt på snaut 400 moh gjekk ut i terrenget igjen nord- og vestover til Husaheia og Reppaheia. Høgaste punkt på Reppaheia er nok på ein eller annan knaus litt aust for trigpunktet og marginalt høgare enn 430m. Så ned til dei trulig fråflytta gardane på Vormeland og fulgte så vegen tilbake mot Djupadalsvatnet med ein avstikker oppom >>>

Map    

Grensheia og Vårefjellet

Date:
04.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
4:15h

Parkerte på stor asfaltert parkeringsplass ved Furevatnet og gjekk på grusveg forbi nokre hytter og så ut i terrenget rett nordover opp til Skjenaheia. Vidare vest- og nordvestover til Grensheia, Grasdalsheia og Vårefjellet. På Vårefjellet er det eit utsiktspunkt/ trigpunkt på 516 moh litt nordvest for sjølve toppen. Ifølge detaljkart er høgaste topp 526 moh. På returen gjekk eg austover til Stølsåsane og så ned på ein litt sorpete skogsveg som førte ned til hovedvegen på ca 350 moh. Tok så ein tur oppom Møyskrevåsen som den visstnok heiter. Det var traktorveg over Sandamyra og lettgått kulturlandskap til topps. Same veg ned og gjekk så bilvegen opp igjen til Furevatnet.

Map    

Søra Svartheia

Date:
31.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:00h

Sykla på anleggsvegen sørover til Stora Gilavatnet. Blåsjø med det tilhøyrande Stora Gilavatnet har lågare vasstand enn vanlig etter den uvanlig tørre sommaren (ca 8 m under HRV) så vegen langs Gilavatnet låg ikkje under vatn slik den pleier. Fulgte så stien sørover et stykke og så på vestsida av Stora Blåfjellvatnet og Trolltjørna. Utløpsåna frå Stora Blåfjellvatnet kan ein på smale plasser hoppa over slik eg gjorde på veg sørover. Ellers må den kryssas et stykke nedanfor utløpet slik eg gjorde på returen. Trolltjørna har merkelig nok to utløpsbekker i vestenden. Her er vassføringa liten, men det er høge skrenter langs sida av bekkane. Gjekk først opp på Nordre Svartheia, og så mellom Skarvheivatnet og 980-vatnet opp til Søra Svartheia. Såg ikkje noko trigpunkt >>>

Map    

Stora Blåfjell

Date:
04.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h
Map    

Søraheia og Nordraheia

Date:
20.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Gjekk frå p-plassen ved Funningsland som er same utgangspunkt som turen til Brendeknuten og Fjellsenden dagen før. Begynte på traktorveg opp på austsida av Tøssåna og så eit stykke på stien sør for Søraheia. Var oppom fleire toppunkt på det vide platået, men området rundt trigpunktet er klart høgast. Gjekk så ned til vestenden av Kaldavatnet og forbi Jonsstøl vidare oppover til Nordraheia. Litt nord for toppen er det flott utsikt innover Jøsenfjorden. Litt lenger vest er det ei lita hytte og virker som det har stått ein sendar her tidligare. Det går ei nedlagt straumlinje som eg fulgte sørvestover til Funningsland. Stolpane står stedvis mens kablane ligger på bakken. Dette var trulig denne sommaren varmaste dag, men det skya til om kvelden.

Map    

Brendeknuten og Fjellsenden

Date:
19.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:15h

Parkerte på stor p-plass på vestsida av Tøssåna ved Funningsland. Herfrå gjekk eg forbi gardane og så på T-stien mot Eidavatn. Vest for Kvivatnet forlot eg stien for å sjå nærare på Trollgarden som er ein minst 2 km lang steingard som går frå austsida av vatnet og buktar seg oppover til ca 900 moh. Denne steingarden er stort sett 5-10 m brei og opp til 5 m høg og består av steiner i alle slags størrelser. Denne er nok etterlatt etter ein midlertidig isframrykking rett etter siste istid. Gjekk så over Nordre, Midtre og Søre Brendeknuten til Fjellsenden som antakelig har Rogalands største og finaste varde. Den blei bygd av tre hjelmelandskarer og ferdigstilt 9. august 1917. Postkasse med vardebok frå 2010 men den var dessverre gjennomblaut. Hadde ein dryg time pause her i kveldssola >>>

Map    

Øyåsen og Randåsen

Date:
06.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
7:45h

Kjørte ein runde rundt Randøy og la i frå meg sykkel på parkeringsplassen på vestsida av øya. Parkerte så ved ein tømmervelteplass ein snau km vest for Randøybrua. Derfrå går det ein litt gjengrodd skogsveg eit stykke vestover og så på merka sti til Øyåsen/ Kodl. Trigpunktet på toppen fant eg ikkje men det er eit fint utsiktspunkt og besøksbok litt sør for toppen. Fulgte så umerka men grei sti vestover og så gjennom skiferbrotet der det sto adgang forbudt, men det var ikkje aktivitet der på dette tidspunktet utpå ettermiddagen. Fant så merka sti det siste stykket opp til Randåsen frå sør og austsida. Beskjeden utsikt frå toppen og pga skogen, men også her var det fint utsiktspunkt og besøksbøk litt sørvest for toppen. Så fulgte eg merka sti ned til Randåsen parkeringsplass. Sykla >>>

Map    

Tofjellet og Måheia

Date:
05.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h

Parkerte på ein liten tilrettelagt p-plass rett før brua over Bønaråna. Herfrå går det merka rute opp til Tofjellet. Det går an å kjøre lenger oppover Bønardalen (mot bomavgift på 20 kr), men det var ikkje aktuelt for meg sidan eg skulle gå ein lengre rundtur. Flott utsikt og vardebok på Tofjellet. Gjekk så ned i terrenget nordover og kunne greit steingå den ellers strie Bønaråna ved Røglemyrane. Så gjekk eg opp gjennom skogen til Såteheia og Hesthei og rundt nordenden av Måvatnet til Måheia. Store oppdyrka areal på Måmyrane så det går fleire vegar opp hit. Kryssa den vestre vegen og kom inn på den midtre vegen på ca 480 moh, og så over på den austre vegen på 400 moh som eg fulgte ned til Bønaråna.

Map