Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Rundtur via Tomlongsheia

Date:
02.03.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
9:00h

Gjekk frå Sætra nord for Moi, først et lite stykke i lysløypa og så i terrenget opp på Kjedleknuten. Så videre sør og austover til Øykjaheia, Svarttjørnheia og Tomlongsheia som er høgaste topp i Flekkefjord. Postkasse med bok ved en stor stein. Gjekk videre sørvestover over Rudleknuten til Steinsvassknuten som har en imponerande varde med hogde steinblokker, og boks med vardebok. Gjekk så over Steinsvatnet og opp på Trollarinda før eg gjekk nordover til Sætra igjen. Har minka veldig med snøen men eg gjekk til fots på god skare. Det var flott ver denne fredagen og eg brukte ca 9t på denne rundturen.

Map    

Hovsheradmarsjen

Date:
19.06.2011

Gjekk Hovsheradmarsjen med start / mål på Kjellands Minde Skule. Marsjruta på 10 km gjekk over Surdalsåsen. Etterpå gjekk eg opp på Snadgjerdsheia frå Austrheim. Det er traktorveg et stykke og så i greit lyngterreng opp. Deretter gjekk eg en rundtur fra hyttefeltet Sundmyr ved Sætra opp til Hestheia og Laugmannåsen. Rødmerka sti i lettgått terreng opp til Hestheia der det er veldig flott utsikt og postkasse med "skrøydebok" tilhøyrande Dalane Friluftsråd. Litt meir kupert på turen videre over Laugmannåsen og tilbake til Sundmyr. Til slutt gjekk eg opp på Steinbergåsen frå garden Steinberg.

Map