Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Edlandsfjellet

Date:
10.05.2009
Map    

Gaupefjellet og Skorvaknuten

Date:
01.05.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Kjørte lysevegen som hadde åpna etter vinterstengning dagen før. Gjekk på ski på greit føre frå Stølsdalen opp til Akslaråtjørna og videre vestover opp til Gaupefjellet. Gjekk så ned søraustover over Rundavatnet og så opp nord- og austryggen på Skorvaknuten. Gjekk så ned austover over Blesevatnet og opp til Austra Blåfjell. Retur over Blesevatnet og Rundavatnet via Langavatn turisthytte tilbake til Stølsdalen. Det var lettskya, søraust liten kuling og varmt i veret med kram samanseget snø. Optimale forhold for vårskitur, men heller ikkje meir snø enn det måtte vere.

Map    

Kvitafjell, Hallbrekknuten og Gallhøpiggane

Date:
11.04.2009

Gjekk på ski frå Tveitabrekka opp til Kvitafjell og videre vestover til vatn 888. Det var lett regn i lufta og eg tok en matpause på vatnet i ly av vinden frå sør. Det kom plutselig et kraftig tordenbrak og noen store hagl. Etterpå gjekk eg opp i austsida til Hallbrekknuten. Veret roa seg ned men disig luft gjorde at utsikten ikkje var allverdens. Gjekk så videre vestover over Midtstølknuten til Gallhøpiggane som er et litt kaotisk område med tre topper over 1000m. Tok av skia for å bestige dei tre toppane. Det var nå enkelte solgløtt i vest. Gjekk så ned over Øyavatnet og opp til vatn 888 igjen og langs Nonsbekken ned til Øvstabøstølen i 21-22-tida og fekk då sjå det flotte fyrverkeriet som er tradisjon påskeafta.

Map    

Stølafjellet og Håfjellet

Date:
01.03.2009
Map    

Blåfjellenden

Date:
14.02.2009
Map    

Håfjellet og Kodlifjell

Date:
28.12.2008
Map    

Frafjordhatten og Dypingsknuten

Date:
27.12.2008
Map    

Lauvnesknuten og Bratteberga

Date:
06.12.2008
Characteristic:
Hike

Gjekk frå Giljastølen på grusveg vestover til hytteområde ved Råssavatnet. Kunne enkelt krysse både Råssavatnet og Lauvnesvatnet på isen og bakken var hard takka være en periode med frost. Var først på Lauvnesknuten (som seinare heter Hepteknuten) og så på Bratteberga som er den høgaste toppen i dette området. Vidare vestover til Ramnstoknuten som har flott utsikt utover Høgsfjorden. På returen var eg oppom en navnlaus topp 627, og så videre tilbake til Giljastølen. Blei etter kvart mørkt, men hadde med lommelykt og det var halvmåne på sørhimmelen.

Map    

Tverrfjellet og Vådlandsknuten

Date:
23.11.2008

Gjekk på traktorveg frå Veen opp til vestsida av Øvre Kvernatjørn og så videre i terrenget mellom toppane 557 og 602 opp til Tverrfjellet. Så gjekk eg nordaustover og kom inn på en sti (som var lite synlig pga nysnø) som går langs vestsida av Vådlandsvatnet og eg gjekk opp i sørsida til Vådlandsknuten. Gjekk ned austover og over dei to 760-toppane og så til Holeknuten. Deretter sørover og kom etter kvert inn på god traktorveg nedover langs Raudåna ned til Veen. Det var lettskya, litt under 0 grader og søraust kuling denne sundagen. Altså en kjølig fornøyelse, men klar luft.

Map    

Vallresknuten

Date:
16.11.2008
Map