Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Grønaheinuten og nabotopper

Date:
10.04.2010

Parkerte på Buer nord for Sauda og gjekk på truger på skaresnø opp til Fossdalsvatnet og et stykke opp langs Nordskarelva. Så gjekk eg opp i den svært bratte nordsida til Kuvestølsnuten. I skuggen var snøen knallhard og eg brukte stegjern opp det brattaste partiet. Frå Kuvestølsnuten gjekk eg vestover til Indre Sauanuten og ned over Skiftestjørna til Ingebjørgsnuten og så austsøraustover igjen og opp sørsida av Kvannegrødnuten over til Grønaheinuten og Storaheinuten og ned den ikkje altfor bratte austsøraustryggen mot Reinakvam tilbake til Buer. Flott rundtur i fint vårver laurdag etter påske.

Map    

Austra Brødsruva

Date:
08.11.2009
Map    

Hellersnuten og Faurlinuten

Date:
13.10.2009

Frå Nesflaten kjøyrte eg av mot Roaldkvam, og etter ca 700 m, rett etter ei bru tok eg opp til venstre på en grusveg av god standard som går opp til Vasstølvatnet og Finnabuvatnet. Etter ca 5 km, mellom Myrane og Vadholmane, i 600 m høgde er det ei bru og etterpå ein høgresving der eg parkerte i vagkanten rett ovanfor svingen. Herfrå gjekk eg opp i det bratte sørvendte skaret aust for Hellersnuten og så opp på toppen. Ned igjen den bratte sørsida og så sørvestover til Faurlinuten og så tilbake same vei et stykke før eg gjekk forbi nokon hytter på stølen Skitli og på stadvis utydelig sti ned til anleggsvegen igjen. Brukte truger det meste av turen over ca 800 moh der det var en heil del snø. Det var sol frå omtrent skyfri himmel denne dagen.

Map    

Mælen

Date:
12.10.2009
Map    

Reinaskardnuten fra Breiborg

Date:
15.06.2009
Map    

Knoda, Høghellernuten og Sveigen

Date:
13.06.2009
Map    

Leirnuten og Steinkilenuten

Date:
26.04.2009
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Snønuten og Kringlenuten

Date:
25.04.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Kjørte opp til Mosvatnet og gjekk på ski frå Mostøl via Kyrkjesteindalen og Øvre Reindalen til Snønuten. Rant så ned søraustover og så opp vestover til 1488-toppen kalt Kringlenuten. Det var søraust frisk bris og første del av dagen var det fint ver men seint etter middag blei det nokså overskya og det var litt regn mens eg gjekk mellom Snønuten og Kringlenuten. Gjekk deretter ned på Kringlevatnet der eg kom inn på den kvista løypa som eg fulgte til Krossvatn turisthytte for overnatting. Kom ganske seint til hytta, og det var et par frå Jørpeland som også overnatta her denne helga.

Map    

Kruneheia og Skjølsknuten

Date:
19.04.2009

Gjekk frå Ulladalen opp på vestsida av Fagerdalsåna. Stien mista eg fort men det var greit å gå opp langs høgspenttraseen. Over tregrensa var det lettere å gå og det var en del snøfenner som var faste å gå på. Kruneheia har tre topper som ser omtrent like høge ut men trur 850-punktet er høgast. På M711-kartet ser det ut som det er et punkt på 860m på Hjelmelandssida men trur ikkje det er reelt. ØK 1:2000 viser kun 844 m her. Deretter vidare sørover til Skjølsknuten som er ein karakteristisk fin topp som ein ser når ein kjører austover langs Jøsenfjorden. Gjekk så ned i Skjølsdalen og forbi Øvre Løyningsvatnet og fulgte høgspenttraseen ned til Ulladalen igjen. Skya til halvskya ver denne sundagen.

Map    

Svinstølnuten og Snønuten

Date:
18.04.2009
Map