Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Falkadalsknuten og Husaheia

Date:
24.01.2013
Characteristic:
Bike trip - mixed

Lite snø etter mildveret nyttårstider og mesteparten av vegen opp til demningen i vestenden av Lyngsvatnet var snøbar. Sykla over det speilblanke Lyngsvatnet frå vestenden til austenden og tok en en del ismålinger undervegs. Høgtrykk med frost siste to veker hadde gitt tjukk is på det aller meste av vatnet. Det varierte frå 31 cm til bare 6 cm på et lite område i austenden. Gjekk opp over Falkadalspiggen til 948-toppen, og ned igjen same veien. Det var hard og isete snø over 800 moh. Tenkte ikkje tanken på å ta med stegjern så eg måtte bare droppe å gå på Strandvassknuten som eg opprinnelig hadde tenkt. Sykla tilbake igjen og gjekk oppom Husaheia frå demningen. Fin tur men det skya til i løpet av dagen.

Map    

Øksnafjellet og Lauvåsen

Date:
31.08.2012

Gjekk frå parkeringsplassen på Hagalid på godt merka sti mot Skomakernibba. For å koma ut på sjølve nibba må ein gå ned i en bratt vestvendt skråning i Ulsvigjuvet et par hundre meter sørvest for Skomakernibba. Det er masse vegetasjon og småbjørk men det var stedvis vaiere i fjellveggen til å halde seg i. Var ikke oppgått sti så litt vanskelig å finne vegvalget der det ikkje var vaiere. Siste stykket greit på eggen ut på nibba. Namnet Skomakarnibbå skal vera etter eit gammalt segn der ein dødsdømd skomaker skulle benådas hvis han kunne sitje på kanten av denne nibba og reparere eit par sko. Han forsøkte dette og då han var meste ferdig såg han eit brudefølge som rodde utover fjorden. Han mista då balansen og ramla utfor og ned i avgrunnen. Det heiter seg og at denne >>>

Map    

Rundtur frå Kleivaland

Date:
27.08.2012

Gjekk frå Kleivaland i 9:30-tida på sti og grusveg opp mot Vassbotnvatnet. Litt forbi vegens høgaste punkt gjekk eg nordover opp på Storurdknoltane og så på Vikestølheia. Var oppom Turtaheia før eg gjekk ned mellom Vassbotnvatnet og Liarstrandvatnet og fulgte sti sørvestover til Ritlandsmyrane. I dette området var det ein metoritt som slo ned for om lag ein halv milliard år sidan og lagde eit krater som seinare er blitt fylt opp. Dette er eit geologisk veldig interessant område. Det går en veg mot Ritland som eg fulgte et stykke før eg gjekk opp på Kvammafjellet som har mange toppunkter som eg måtte oppom for å vere sikker. Gjekk så sørover til Ritland. Derfra går det merka sti forbi Kløv til Trodla-Tysdal. Fulgte denne stien til stiens høgaste punkt i passet mellom Nipen >>>

Map    

Langtur i ytre Hjelmeland

Date:
14.07.2012

Kjørte Rv 13 mot Årdal og Hjelmeland og plasserte en sykkel på vegen mot skytebanen vest for toppen av Ingvaldstadbrekka og kjørte et stykke tilbake igjen til toppen av Riskadalsbrekka. Derfra var det skilta og merka mot Heståsen på delvis gjengrodd sti. Så i noenlunde grei farbar skog vestover til Helgaknuten og oppom Steinsvigfjellet og på delvis gjengrodd sti ned mot Nessavatnet og så på traktorveger og stier til Ramnafjellet, Skjekkjesåsen og Heståsen til Fister og så på god veg heilt opp til Lauvåsen med Fistermasta. Derfra på merka sti over Medheia ned til Rv13 på toppen av Ingvaldstadbrekka. Sykla derfra tilbake til bilen. 12t på tur i skya til halvskya ver og ikkje altfor varmt.

Map    

Brendeknuten og Skorva

Date:
21.04.2012

Gjekk frå Bjødnabu på sti det første stykket før eg gjekk over Saupstølheia og opp i skaret mellom dei to toppane til Brendeknuten. Besteig først sørtoppen som er nesten like høg som hovedtoppen. På hovedtoppen er det stor varde og ei lita bu med solcellepanel til lading av en sender. Gjekk så nedover mot Undestølsvatnet, og det var en del mjuk snø i det austvendte terrenget. Det går sti langs vatnet, men eg tok den lette veien over isen, som var ca 30 cm, før eg tok fatt på den nesten snøfrie sørsida til Kolleåsen. Et stykke oppe i lia haurte eg hamring og banking og eg tenkte det kunne være vedhogst som foregjekk. Det viste seg derimot at det var sjølvaste "Snøhulemannen" frå Hjelmeland, som det blei laga film om for 2-3 år siden, som hogde ut steinblokker >>>

Map    

Klubbafjellet og nabotopper

Date:
31.03.2012
Characteristic:
Hike

Gjekk frå Fv 661Songesandvegen frå avkjørselen til Lyngsvatnet opp til demningen. Isen var i full oppløysning så det blei ingen snarveier der slik eg hadde tenkt. Gjekk til fots langs nordsida av vatnet et stykke og så opp på Klubbafjellet. Snøen var farlig hard og isete i nordhellingane. Gjekk så ned i Lyngsdalen og litt ned i Rausdalen og skrådde opp til Høgehei. Gjekk ned i vestsida og opp nordaustryggen til Dukoll. Gjekk ned den nokså bratte nordvestsida (som var nesten snøfri) mot garden Åse, og fulgte så grusvegen tilbake til Fv 661. Det var lettskya ver og svak NV-vind denne laurdagen.

Map    

Krostølfjellet og nabotopper

Date:
03.03.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
9:00h

Parkerte ved vegdelet til Lyngsvatnet, og gjekk opp austsida av Jamnarheia og vidare ned på vestsida til gangbru over Sandvassosen der det er utsyn over det mektige Sandvassgjuvet. Så opp på Veraheia og sørover til Krostølfjellet. Vidare opp og ned søraustryggen til Hjelmen og deretter på skrå opp lia til Tindafjellet som har stor og flott varde. Fulgte ryggen tilbake sørover og gjekk ned nord for Svartatjørna og nordforbi Stemvatnet og vidare over Sandvatnet. 9t fottur på opptil 1 m djup fast skaresnø, men også flekkvis barmark. Var skya ver med sterk søraust vind og rundt 0 grader.

Map    

Holtaheia og Lauvåsen

Date:
12.11.2011
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Fra parkeringsplassen ovanfor Holta gjekk eg på merka sti opp til Holtaheia. Litt nedanfor denne toppen ligger det vrakrester etter et engelsk fly med skuleelever som styrta 9. august 1961 og totalt 39 stk omkom. Stod et stort steinkors på en knaus til minne om det. På toppen av Holtaheia traff eg et annet par som kanskje skulle til Lauvåsen men såg ikkje meir til dei. Gjekk over Midknuten og Svoda til Lauvåsen. God sti nedover igjen rundt nordsida av Lauvåsvatnet. Gjekk videre over Grimsåsen, Lågehei, Ormakam og Storehornåsen tilbake til parkeringsplassen og hadde da brukt 8t i bedagelig tempo.

Map    

Turrhei

Date:
30.09.2011
Map    

Topper i indre Suldal

Date:
29.09.2011

Kjørte frå Nesflaten mot Rolalkvam og vidare oppover anleggsvegen til Sandvatnet. Fulgte så T-stien langs nordsida av Sandvatnet et stykke før eg gjekk nordover og opp på toppane i rekkefølge Skorpeskarnuten, Litlavassnuten, Raudberga og Simlenuten på nordsida av Isvatnet. Retur på austsida av Litlavatnet og over Endanuten og ned på T-stien igjen langs nordsida av Sandvatnet tilbake til anleggsvegen. Lang og dryg tur på bortimot 30 km og over 12 timer. Skoddeskyer før middag og så klarna det opp og det skya til igjen etter solnedgang. Rester av nysnø over 1300 moh, men mildt ver nå så snøen var i ferd med å forsvinne.

Map