Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vådlandsknuten

Date:
12.12.2009
Map    

Stakkavassheia og Holmaheia

Date:
10.04.2009
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
12:00h

Parkerte ved rv 42 ved Espetveit og gjekk på ski på vegen langs Nespervatn og Førevatn til Kulivatn og gjekk først oppom Kuliknuten og så vestover til 852 til Stakkavassheia og ned over Stakkavatnet til Holmaheia. Gjekk så ned mellom indre Fiskeløysvatnet og Stakkavatnet opp til Perstørne. Gjekk så austover tilbake til Kulivassdammen og fulgte vegen ned igjen til Espetveit. Denne vegen som går langs vestsida av Nespervatnet er ikkje integna på eldre kart. Det var overskya men oppklarnande og disig etter middag og veldig mildt denne langfredagen. Turen blei lenger enn planlagt og varte i ca 12t.

Map    

Skibufjellet og Gryteheia

Date:
29.03.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk på ski frå Stavtjørn alpinanlegg sørover opp Kaldrassheia og så opp sørvestryggen til Skibufjellet. Der var det bratt og eg bar skia et stykke. Gjekk over store Grytevatnet til Gryteheia der eg hadde ein lengre pause. Så vidare austover Tindeknuten, nordover til Urknutane og austover til Ratevassknuten og Springknuten. Rant ned den slake nordaustskråninga til Hommadalen og gjekk vestover over Barbuvatnet og ned Sandvassdalen i preparert skiløype til Stavtjørna og så en drøy km gange opp til alpinanlegget. Det var lettskya ver, men 30-40 cm nysnø frå dagane før så det var en tung og tidkrevande tur.

Map    

Laugarheia

Date:
31.01.2009
Characteristic:
Snowshoe trip

Gjekk frå parkeringsplassen på sørsida av Ørsdalstunnellen på truger oppover Austdalen. Snøen var forholdsvis fast, men trugene var gode å ha. Ved vestenden av Laugarvatnet gjekk eg sørover opp den relativt bratte fjellsida som var litt isete men hadde feste med klørne under trugene. Gjekk over dei to 778-toppane før eg gjekk opp på høgaste toppen. Var seint ute og fekk dermed sjå en fin solnedgang ca kl 16.45. Gjekk ned igjen den slake skråninga nordaustover og gjekk så over Laugarvatnet og ned Austdalen mens en månesigd lyste på sørvesthimmelen. Fint ver med frost og litt søraust vind denne laurdagen.

Map    

Tverrfjellet og Vådlandsknuten

Date:
23.11.2008

Gjekk på traktorveg frå Veen opp til vestsida av Øvre Kvernatjørn og så videre i terrenget mellom toppane 557 og 602 opp til Tverrfjellet. Så gjekk eg nordaustover og kom inn på en sti (som var lite synlig pga nysnø) som går langs vestsida av Vådlandsvatnet og eg gjekk opp i sørsida til Vådlandsknuten. Gjekk ned austover og over dei to 760-toppane og så til Holeknuten. Deretter sørover og kom etter kvert inn på god traktorveg nedover langs Raudåna ned til Veen. Det var lettskya, litt under 0 grader og søraust kuling denne sundagen. Altså en kjølig fornøyelse, men klar luft.

Map    

Nauaknuten

Date:
22.11.2008
Map    

Mjåvassknuten fra Ørsdalen

Date:
07.06.2008
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h

I Ørsdalen tok eg til høyre over brua mot Vassbø og etter en km svingte eg til venstre inn på en grusveg og etter ca 400 m kom eg til Ørsdalen kraftverk. Ingen anlagt parkeringsplass her men det går an å parkere ved trafokiosk eller infoskilt. Ved infoskiltet gjekk eg over en gjerdeklyver og fulgte en delvis gjengrodd anleggsveg oppover langs austsida av elva. Dette er også en merket sti over til Eigelandsdalen men etter en snau km tar denne stien av til høyre. Her fulgte eg anlegssvegen på høyre side av høgspenttraseen langs Hellersbekken. På ca 500 moh (en halv km nordvest for Juvvatnet) krysser "vegen" under høgspentlinja. Her gjekk eg av veien bratt opp i lia på venstre side gjennom jungel av bjørk, einar og lyng mellom bratte skrenter. Det er fleire mulige traseer >>>

Map    

Greipa og Trollakyrkja

Date:
12.04.2008
Map    

Skarkaknuten og Rambjørknuten

Date:
06.04.2008
Map    

Vinjakula

Date:
16.03.2008
Map