Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Hareidlandet og Gurskøya

Date:
23.09.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Veirahaldet og Blåtinden

Date:
22.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h

Gjekk opp langs heistraseen og nordover forbi Storvatnet på vestsida og opp til Veirahaldet som har varde med bok. Vidare ned den bratte sørausteggen der eg måtte vera veldig forsiktig et stykke ned mot Kolbeinsskaret. Det er bratt sva med mose- og grasdekte hyller i mellom. Stor utglidningsfare her, men det hadde heldigvis torka litt opp etter alt regnet kvelden før. Nokon småhamre måtte også omgås i sjølve skaret. Så enkelt opp til Blåtinden som har varde med bok. Var bortom trigpunktet før eg gjekk sør- og sørvestover forbi Trollvatnet på austsida og sørover til Eitrefjellet og ned langs alpintraseen igjen. Tok eit bad i bekken ved skisenteret før eg reiste ned til Sæbø på Peakbooktreffet.

Map    

Storesarpen og Røvsdalsnipa

Date:
21.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Hadde kjørt opp den bratte anleggsvegen til Dansavatnet dagen før for turen til Blæja. Frå dammen i sørenden av Sarpavatnet gjekk eg opp austryggen til Storesarpen og vidare vestover til Røvsdalsnipa som har varde med bok. Så tilbake igjen over 917, Rypeholten, 658 og Sølvbergnausen. Sønnavind og regn, men god sikt og ein lang periode med opphald tidleg om kvelden. Ingen store pf-topper, men ein enkel tur pga veret som likevel ikkje blei så gale.

Map    

Blæja, Tuva og Blæjeskartinden

Date:
20.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Map    

Høgstolen

Date:
17.09.2014

Frå Rv 63 ved Langdalen kjøyrte eg eit kort stykke mot Nedstestølen og sykla den siste km (for å slippe bompenger). Frå Nedstestølen gjekk eg oppover Berilldalen og opp på nordsida av fossefalla ned fra Heimste Berilldalsvatnet. Det er varda rås her og det ligger tau og kjettinger over nokon bratte sva, men uproblematisk på tort føre. Videre langs nordsida av vatnet forbi ei hytte og opp til austenden av Fremste Berilldalsvatnet der eg kryssa utløpsbekken og gjekk oppover i ei grusrenne til bretunga vest for 1538-punktet. Gjekk så langs bretunga på vestsida og gjekk så over breen mot 1538-punktet. Snøfri og nesten sprekkfri bre med ru overflate og ikkje brattere enn at det var greit å gå uten stegjern. Frå 1538 er det brefri rygg heilt opp til toppen av Høgstolen. Det er >>>

Map    

Lang travers til Finnan

Date:
15.09.2014
Map    

Geitfjellet

Date:
13.09.2014

Gjekk frå Korsmyra på merka sti vestover mot Gomsdalen. For å unngå ca 350 hm nedstigning til Gomsdalen gjekk eg i ein bue nordover mot Sleddalen. Det blei litt krattkrig her så det er nok ikkje så veldig mykje å vinne på denne omgåelsen av Gomsdalen. Runda Gomsdalen i nordvest på snaut 800 moh og gjekk videre vestover til sadelen aust for Storvatnet. Herfra var det bare å ta fatt på nordaustryggen mot pkt 1070 og videre bratt opp aust for punkt 1392. Så i litt slakere ur det siste stykket opp til Geitfjellet. Nokon mindre innstallasjoner på topplatået. Fin utsiktstopp men det låg dessverre ein del skyer nedpå fjella langs horisonten. La returen bortom Teinosa og ned i Gomsdalen. Trimpost med bok på stølen ved punkt 626. Herfra var det heldigvis god sti opp igjen på austsida >>>

Map    

Tolleknivsegga og Kallskaregga

Date:
12.09.2014
Map    

Blåhornet og Storåsnakken

Date:
11.09.2014
Map    

Kvitnykja og Blåfjellet

Date:
04.09.2014
Map