Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Mehammarsåto og Kattnakken

Date:
29.11.2012
Map    

Hålandshovda og Håfjellet

Date:
28.11.2012
Map    

Stiganosi og Storebreen

Date:
28.05.2012

Fra E16 mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen er det en avkjørsel til Undredal. God plass å parkere i vegkanten nedforbi elva. Kom inn på T-merka sti fra Langhuso gjennom Jonadalen til Grindaflethytta. Bratt stigning dei første 250 hm. Fra Sørfallgrovi er det en flott foss ovanfor stien. Nedanfor fossen var elvegjelet snøfylt av rasmasser som eg gjekk over. Videre vestover flata det litt ut og terrenget åpna seg. På ca 870 moh er det ruiner etter en nedlagt støl og etter å ha passert den tok eg på skia og gjekk over et snøfylt bekkegjel. Brukte ikkje feller og på rundt 1050 moh blei det så bratt at eg heller gjekk til fots oppover den nesten snøfrie fjellsida mellom Sauaklypet og Haskåbotn. Fra snaut 1500 moh gjekk eg på ski den siste slake etappen opp til Stiganosi. Det >>>

Map     4 comments

Tarven og Ljosberg

Date:
27.05.2012

Fra Flåm kjørte eg opp til en geitegard på Ryali på snaut 700 moh. Her var det grinder og geiter i vegen så eg parkerte der. Vegen var nok kjørbar videre oppover og, men eg gjekk og bar med ski som eg tok på der vegen slutter på 980 moh. Gjekk på nord- og austsida av Kloppelvi oppover til Ljosberg. Hadde en time pause her før eg rant ned mot Kaldavatnet og gjekk opp den ganske bratte nordaustryggen til Tarven. Litt kortere pause her før retur ned til Kaldavatnet. Såg et reinsdyr med kalv som sprang sørover på vestsida av toppen. Fra Kaldavatnet gjekk eg over Brimtorva og Roaldshovden tilbake til Ryali.

Map    

Pinsetur til Fresvikbreen

Date:
26.05.2012
Characteristic:
Backcountry skiing

Kom Rv 13 over Vikafjellet, og kjørte opp til Grønsberg på ca 440 moh. Bar med meg ski og gjekk på god grusveg opp til Nummedalsstølen, og vidare i terrenget oppover. Skiføre over ca 850 moh. Gjekk en trase noe vest for sommerstien nordover, og oppe på ryggen dreide eg austover opp til Rambertinden som har stor varde med boks og bok. Meste skyfri himmel, men disig utover Sognefjorden. Jotunheimtopper kunne og skimtes i disen. Hadde 1,5t mat- og utsiktspause der før eg gjekk videre over Nummestolane og 1548-toppen og ankom Fresvikbreen i nydelig kveldssol. Var oppom 1625-toppen då sola gjekk ned, og så retur over ei nordligere rute over vatn 1410 og nord for 1548-toppen og Nummestolane til sadelen sør for Rambertinden. Gjekk så vestover til tjern 1453 og ned til fots i ei bratt renne >>>

Map    

Høgenipa og nabotopper

Date:
04.05.2012

Frå rv569 snaut 2km nord for Dalseid gjekk eg på traktorveg oppover langs Dalseidmarkåna. På ca 250moh deler vegen seg og eg gjekk til høgre over ånå opp til Dalseidstølen. Vegen går over til sti det siste stykket til stølen. Gjekk vestover til ca 600moh og så på ski sørover til Kvigedalsegga. Det var lett regn i lufta da eg begynte å gå men nå skein sola mens det fortsatt var tunge skyer austover. Gjekk til fots ned ei renne til nordenden av nedre Krokavatnet og så opp på Knutstignova. Derfra på ski vestover til Høgenipa. Puslete varde på denne toppen, i motsetning til toppen av Osterøya i vest. Rant så ned til nedre Krokavatnet igjen og gjekk opp på Hestafjellet. Måtte så ned på øvre Krokavatnet igjen og gjekk via Storebotnen på dei siste snøflekkane ned til >>>

Map    

Hamlagrøhornet og Mykkeltveitveten

Date:
03.05.2012

Gjekk på ski får Nordre Hamlagrø opp til Hamlagrøhornet og Såta og en liten fottur over ryggen til Løva. En morsom liten fjellrygg som faktisk ligna på ei løve! Rant så ned nordover på vestsida av Løva til Kinni og gjekk opp sørsida til Mykkeltveitveten. Denne toppen er ganske majestetisk sett frå E16 langs Vangsvatnet, og ligner på en utdødd vulkan med sitt slake pyramideforma topparti. Det var sol første del av dagen men det skya over ved middagstider. Eg var sein å koma meg avgårde og da eg kom på toppen begynte det å snøa så det blei dessverre dårlig med utsikten. Det var noen dager gamle skispor i området og boks på varden med bok så eg skreiv meg som vanlig inn i den. På alle kart eg har sett brukes namnet Mykletveitveten om denne toppen, men vossingane seier >>>

Map    

Olsskavlen og Seldalsnuten

Date:
02.05.2012

Parkerte på "feil" parkeringsplass på nordsida av jernbanen litt ovanfor Voll i Raundalen. Gjekk over elva på ei bru og gjekk på ski oppover Tungefjellet til Olsskavlen. Masse skispor opp, og ifølge vardeboka må det ha vore reine folkevandringa dei siste dagane. Litt disig langs horisonten men fekk raskt auge på Hurrungane i Jotunheimen. Blåskavlen sperra for sentale deler av "heimen", men det var nokon topper som stakk opp lenger aust som eg ikkje klarte å identifisere. Det var en mindre varde nord for toppen, 15-20 hm lågare nede. Ifølge kartet går kommunegrensa mellom Granvin og Voss litt nord for toppen, men ikkje så langt nede som varden var plassert. Etter 1,5t pause på Olsskavlen gjekk eg videre til Seldalsnuten der eg fekk med meg solnedgangen kl. 21.37. >>>

Map    

Fuglafjellet i Kvam

Date:
01.05.2012

Gjekk på ski frå Osen i vestenden av Hamlagrøvatnet til Vending turisthytte. Det var en del folk på tur til Vending denne dagen. Derfra gjekk eg oppover ryggen mellom Vending og Fugladalen over topp 1143 og videre sørvestover til Fuglafjellet. Det var nokon skispor her og men traff ingen. Varden på toppen var nedsnøa og var bare en liten forhøyning på toppkammen. Kjempeutsikt i strålande ver. På tilbaketuren gjekk eg til fots ned det bratte Tverrelvgjelet, og så kvista løype frå Vending tilbake til Osen. Tok meg god tid og brukte 9t i et fantastisk 1.maiver.

Map    

Midtfjell i Ulvik

Date:
30.04.2012

I Ulvik tok eg av fv572 til Vambheim og kjørte ca 1km før eg svingte til venstre og forbi en åpen bom (rusta hengelås) og kjørte oppover en brøyta skogsveg til Sjusete på ca 400moh. Gjekk så videre på ski på ubrøyta skogsveg opp til ca 600moh, og fulgte så et gjel oppover til Troppefjellet og videre til Midtfjell. Kongeutsikt over Eidfjorden og Sørfjorden. Gjekk videre til Grimsnuten som eg besteig til fots i den bratte nordsida. Litt bedre utsikt austover herfrå. Rant ned igjen omtrent same vei som eg gjekk opp. Drøyt 6t på tur inkl en god time pause i stilt og fint ver denne siste aprilkvelden.

Map