Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Nasefjell

Date:
09.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
4:45h

Fulgte bratt grusveg oppover til Trydalsheii, og var så heldig at eg fekk skyss siste del av vegen. Den går lenger opp enn inntegna på kartet og slutter på ca 870 moh. Derfrå på svak sti nord for høgspenttraseen opp til skaret vest for Stavvatn. Så ut i terrenget sørover til Nasefjell. Var først bortom trigpunktet 1069 som er fint utsiktspunkt over Setesdalen. Så opp til toppen og vidare austover til Torsdalsristi. Retur nordvestover og opp til Stavvassristi via den bratte sør- og austisda. Ned i vestsida og inn på stien og vegen ned igjen.

Map    

Skammevarden

Date:
08.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:45h

Skammefjell ligger litt utilgjengelig til i Rjuven i Setesdal vesthei, men overkommelig på ein lang dagstur frå Setesdalen. Gjekk på grusveg drøyt 4 km vestover Ljosådalen (hadde ikkje med sykkel denne gongen). Vegen går opp til ein demning i Ljosåni, og så er det sti vidare ca 1 km vestover på sørsida av elva. Så kom eg inn på T-sti som går sørover til Bossbu og Stavskardhytta. Hadde tenkt å følge denne stien til stiens høgaste punkt snaut 5 km aust for Skammevarden, men etter elvepasseringa aust for Nautetotjørna fant eg ikkje sti på andre sida av elva. Bestemte meg då for bare å gå rett sørvestover direkte mot Skammevarden. Fleire ettermiddagsbøyer kom nordfrå over Setesdalen, og fekk ei lett regnbøye over meg mens sola skein lenger vest. Kom til topps etter snaut >>>

Map    

Urdvassheii

Date:
28.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
6:45h

Gjekk på vegen oppover Evardalen. Det er ca 4,5 km bomveg som nå koster 100 kr for bil. Planen var uansett å gå oppe på fjellryggen ned igjen så derfor unødvendig å kjøre bomvegen. Frå enden av vegen fulgte eg T-merka sti drøyt 3 km vidare vestover til Kleivi. Der gjekk eg opp sør- og austover til Urdvassheii trigpunkt. Så sørover til ein jamnhøg topp uten avmerka høyde på nokon kart. Gjekk nedover Urdevassdalen der eg kom inn på ein gammal T-sti. Det såg ikkje ut til at den stien merkes lenger sidan det var slitt T-maling på steinane. Stien går over til Evardalen, men eg gjekk over Øyetjørnsknuten og vidare austover og kom inn på ein annen (stengt) bomveg gjennom hyttefelt.

Map    

Verehovudet og Søtebekkheii

Date:
27.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
7:00h

Gjekk over brua over Myklevassåni gjennom hyttefeltet på Stuteliheii. Så vidare i terrenget mellom Myklevatnet og Gardevatn og austover til Øydeskarshei og Den høge knausen. Deretter vestover mot Verehovudet via 994-toppen. Etter ein pause på toppen gjekk eg ned i Jarbudalen og opp på Søtebekkheii's to jamnhøge topper. Så ned i nordsida til sørvestenden av Myklevatnet og fulgte vegen det siste stykket til Myklestøyl.

Map    

Reinshornheii med Knut Sverre

Date:
04.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
8:45h

Hadde kontakt med knutsverre (Knut S. Andersen) denne våren mtp skitur til Urdalsknuten når vegen opna i mai hvis forholda tillot det. Snøfattig vinter og varm vår satte dessverre effektivt stopp for slike planer. Knut hadde bare to kommunetopper igjen i denne delen av landet og ville gjerne ta Reinshornheii i begynnelsen av juni. Sidan eg reiser Suleskardvegen rett som det er for å følge med på snø- og isforholda passa det godt å vere med Knut på hans nest siste kommunetopptur sør for 62. breddegrad. Me treftest som avtalt på p-plassen til Øyuvsbu litt før kl 9 og fulgte stien sørover og var bortom Øyuvsbu turisthytte. Vidare sørover langs austsida av Øyuvsvatnet mot Sandvatnet. Me måtte over Ivlungsåsni og der var det hverken bru eller tilrettelagt passering, og åna var ganske stri etter en del regn >>>

Map    

Tverråknuten

Date:
08.05.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Topper rundt Seilvassdalen

Date:
13.04.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
9:30h

Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning. Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen lenger >>>

Map    

Bergeheii

Date:
26.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Storeknuten og Hønevassknuten

Date:
25.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:30h
Map    

Salomonsknutane

Date:
23.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h
Map