Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Ombotopper

Date:
28.01.2012
Characteristic:
Snowshoe trip

Hadde egentlig tenkt meg på skitur i Lyngsheia, men tunge skyer i den retningen og kald austavind. Ombestemte med dermed og reiste til Hjelmeland og tok ferja over til Ombo. Gjekk frå Seltveit på truger i drøyt 20 cm laussnø. Stien var skjult av snøen, men kom meg greit opp i sørvestsida og ned på søraustsida. Så forbi Helgaland og opp til Svekoll. Det er eit antenneanlegg der og to mann holdt på med en reserveantenne. Dei var opptatt med å gjere arbeidet før det mørkna. Eg gjekk ned på vestsida til en veg mot Gunnstølvatnet. Her nede såg eg eit helikopter på Svekoll som sikkert henta dei der oppe. Frå Gunnstølvatnet gjekk eg opp på Rundsfjellet og ned til Seltveit.

Map    

Sygno og Solkjen

Date:
22.01.2012

Gjekk heimante over Kolfjellet og til Sygno. På Sygno var det vardebok utlagt av Sandnes kommune i april 09 og det var ein del namn i boka. Deretter gjekk eg videre opp Søredalen, og fra Litla-Hetland gjekk eg opp til Ørnanuten og Dormålnuten og ned til Stemtjørna over isen og så opp til Solkjen som det heiter lokalt. Siste halve km kom eg inn på dagsferske spor og det hjalp godt i den 10-15 cm djupe skaresnøen her oppe over 200 moh. Privat vardebok på toppen. Gjekk ned langs merka sti til Skjelbreitjørna og så om Ur-Eikjeland over marka heim. 7t på tur i lettskya ver. Bilder frå Sygno

Map    

Lussirinda og Navarsheia

Date:
08.01.2012

Parkerte på fv 110 øverst i Trongedalen og gjekk på vegen til folkehjelpshytta mellom Tjørn og Lauperak. Derfra gjekk eg på ski over Merrstadvatnet til topp 698 forbi nordenden av Heiingvatnet opp til Lussirinda og så sørover til Klovbekkrinda. Deretter vestover til Navarsheia som har stor varde med bok fra 1993. Relativt få navn i boka men det var en som hadde skrevet seg inn tidligare på dagen og det var ferske skispor i området. Gjekk så nordvestover til Fanafjell og Trollarinda og ned til skaret øverst i Trongedalen. Snødjupna var 20-50 cm som var fuktig med tynn skare som blei gradvis tjukkare utover dagen. Tjødnane hadde farbar is, unntatt Heiingvatnet som stort sett hadde åpent vatn. Til slutt i måneskin blei det trugetur opp austsida av Øykjafjellet og videre vestover >>>

Map    

Dyranuten og nabotopper

Date:
31.12.2011
Map    

Skitur til Vådlandsknuten

Date:
21.12.2011

Snørik førjulsvinter og gjekk på ski frå Madland i 10 cm nysnø som aukte gradvis på oppover. Forbi den øverste parkeringsplassen var det 30-40 cm gammal snø med ca 20 cm nysnø oppå så skiføret var jo veldig bra men litt tungt pga nysnøen. Gjekk over Fisketjørnane og nysnøen hadde lagt seg på isen som bestod av 2-3 cm sorpeis over 20-30 cm sorpesnø med 3-4 cm is under der igjen. Ikkje akkurat veldig trygg is så haldt relativt nær land. Lite overvatn men fekk såpass kladder under skia at det gav godt feste dei drøyt 300 hm videre opp til toppen. Skreiv meg inn i boka som nr 238 i år.

Map    

Håfjellet og Kodlifjell

Date:
18.12.2011
Map    

Fitjanuten og nabotopper

Date:
10.12.2011

Sykla heimefrå til Gjesdal Bygdahus og gjekk forbi fleire garder og traktorveg opp til ca 240 moh og vidare i terrenget opp til Tindafjellet og nordryggen til Fitjanuten. Fitjanuten har merka sti opp frå sandtaket aust for E39 på Auestad. Vidare gjekk eg austover til Einarfjellet og Øksnanuten ned til Tjetland og ned til bygdahuset igjen. Det låg ca 10 cm fuktig snø over 150 moh. Var stedvis glaserte veier om kvelden da det klarna opp etter nokon regn- og sluddbøyer i løpet av dagen og kvelden. Sykla over til Lima og gjekk opp til Høylandsfjell og Hengjefjellet i fullmåneskin. Fitjanuten og Hengjefjellet inngår i den såkalte Vardejakten i Gjesdal og eg skreiv meg inn i skrøydebøkene som hhv nr 1212 og 944 i år.

Map    

Vallresknuten

Date:
04.12.2011
Map    

Holtaheia og Lauvåsen

Date:
12.11.2011
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Fra parkeringsplassen ovanfor Holta gjekk eg på merka sti opp til Holtaheia. Litt nedanfor denne toppen ligger det vrakrester etter et engelsk fly med skuleelever som styrta 9. august 1961 og totalt 39 stk omkom. Stod et stort steinkors på en knaus til minne om det. På toppen av Holtaheia traff eg et annet par som kanskje skulle til Lauvåsen men såg ikkje meir til dei. Gjekk over Midknuten og Svoda til Lauvåsen. God sti nedover igjen rundt nordsida av Lauvåsvatnet. Gjekk videre over Grimsåsen, Lågehei, Ormakam og Storehornåsen tilbake til parkeringsplassen og hadde da brukt 8t i bedagelig tempo.

Map    

Ragnhildsknuten og nabotopper

Date:
05.11.2011
Characteristic:
Hike

Kjørte først til Rossavik og la fra meg ein sykkel der vegen går opp til skytebanen og så kjørte eg opp mot Oaland og parkerte litt ovanfor den siste skarpe svingen på ca 320 moh. Gjekk derfra opp på toppane i rekkefølge Knuten, Storafjellet, Ragnhildsknuten, Raudfjellet, Øykjafjellet, Rundeknuten, Husafjellet og Helleknuten. Kupert og litt vanskelig terreng mellom Øykjafjellet og Rundeknuten med klyving i nordsida. Mellom Husafjellet og Helleknuten var det ugjestmildt terreng med mange bratte skrenter, mosegrodd stein og einarkratt. Ved Sollivatnet kom eg inn på sti og grusvei ned til Rossavik. Sykla og gjekk tilbake til Oaland. Over 12 t på tur og brukte lommelykt etter kl 17.30. Det var overskya ver denne lordagen og det bles søraust frisk bris og regna litt av og til frå om >>>

Map