Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vallresknuten

Date:
10.12.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Vallresknuten

Date:
02.12.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Aust for Ramsdalen

Date:
29.11.2019
Characteristic:
Snowshoe trip

Tur til ein litt avsides topp, men som er lett tilgjengelig på dagstur om ein har med sykkel. Sykla oppover mot Svartevassdammen om formiddagen, og vegen var brøyta dei ca 15 km opp til Duge så greie sykleforhold. Det er T-sti langs nordsida av Grauthellervatnet til Grautheller turisthytte, men eg gjekk snarvegen over isen til hytta. Hadde med truger så eg brukte i terrenget med 15-30 cm snø. Gjekk den relativt slake ryggen sørvestover drøyt 2 km til den namnlause toppen som på gamle kart har høyde 991 m. Fortsatte eit stykke til og måtte bratt ned, og så bratt opp til Indra Raudberg. La returen i ein bue nord for 991-toppen, og kom inn på spora mine igjen som eg fulgte tilbake ned til Grauthellervatnet. Skyfri himmel første del av dagen, men tilskyande frå nordvest utpå dagen.

Map    

Dyranuten

Date:
15.11.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Vådlandsknuten

Date:
14.11.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Vallresknuten

Date:
09.11.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Dyranuten

Date:
08.11.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Dyranuten

Date:
05.11.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Heiafjellet og Storekleggen

Date:
07.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:15h

Det går T-sti via Kleggjadalen og vest- og nordsida av Heiavatnet til Nilsebu Turisthytte som vil vera den enklaste ruta til Heiafjellet. Eg la derimot turen over toppane 847, 898 og 1033 via sørenden av 932-tjørna og sørryggen opp til Heiafjellet. Så vidare aust- og sørover bratt ned i Kleggjadalen eit stykke aust for Kleggjadalsvatnet. Kom så inn på ein sti via vestsida av tjern 920 og 938 og så i lettgått terreng uten sti opp austryggen til Storekleggen. Ned igjen vestryggen og ned i Kleggjadalen tilbake til Nilsebuvegen. Tur til Bukkatofjellet og nabotopper dagen før.

Map    

Bukkatofjellet og nabotopper

Date:
06.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:15h

Fulgte T-stien mot Stakken nordover til Storhillervatnet der eg gjekk ut i terrenget og over ei bru over utløpsånå og så opp vestryggen over fleire namnlause topper til Bukkatofjellet. Flott utsikt i alle retninger. Gjekk så nord- og vestover over 1070 og 1008 til Oddaheia 1011. Så ryggen sørvestover over 987 til Borgåsen. Ned søraustryggen og så inn på T-stien tilbake til Nilsebudammen. Sidan dette var sundag var det ingen helikoptertrafikk i fbm bygging av ny høgspentlinje mellom Lysebotn og Førrebotn. Det er støypt nye mastefundamenter parallellt med den gamle linja som etter det eg forstår skal rives. Turer med same utgangspunkt til Kråkehorten dagen før, og til Heiafjellet og Storekleggen dagen etter.

Map