Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Kjerdalsfjellet og diverse

Date:
27.09.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h

Gjekk først til den etter kvart så vidkjente steinformasjonen som fekk mykje mediamerksemd sommeren 2017. God merking og en del folk på tur denne sundagen. Så vidare sørover i myrete terreng uten sti til eg kom inn på vegen mellom Veshovda og Nordland. Fulgte så ein skogsveg og kom inn på veganlegget i fbm vindmølleparken i området rundt Kjerdalsfjellet. Hovedvegen er dog frå Koldal sør for mølleparken. Etterpå fulgte eg ein merka sti forbi Laupstad til Kjervall. Gjekk så over Ørnafjellet, Litlåsknuten, Pallen og Åsen. Fryktelig terreng i området rundt Åsen med bratte skrenter og einarkratt. Kom ned til demningen i sørenden av Øygreisvatnet. Det går veg som er stengt med bom mellom Øygrei og Sletteidvatnet som eg fulgte tilbake til utgangspunktet.

Map    

Nokkåsen

Date:
26.09.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
2:30h

Frå Fv 42 kjørte eg inn der det er skilta Leirduebane omtrent midt mellom Krossmoen og Eigersund. Kjørte ca 2 km og parkerte litt før leirduebanen. Fulgte merka tursti til Nokkåsen og brukte ein liten halvtime til toppen. God utsikt utover mot Eigersund by. Retur over høydedraget nordover over Takåsen og Laureidfjellet, og så ned til Øygrei og langs vegen tilbake til utgangspunktet.

Map    

Topper frå Bråstein

Date:
30.08.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
3:30h

Gjekk først på Bråsteinåsen der eg fulgte merka rute opp frå garden ved Bråsteinkrysset E39/ Sviland. Anvist parkeringsplass ved driftsbygning. Vardebok på toppen som var utskreven. Var deretter på Åslandsnuten frå Gilja på sørsida av Figgjoelva. Turparkering der også. Skilta rute som eg fulgte forbi garden på Gilja. Først på grusveg, så på sti langs ei kjelve og opp sørryggen til Åslandsnuten. Ingen vardebok lenger som det var ein periode før. Retur ned nordvestryggen gjennom bjørkeskog. Godt synlig sti men stedvis litt sorpete og enkelte bratte punkt. Første gong eg har gått den ruta, for eg har alltid gått opp og ned frå Åslandsbakken før. Til slutt til Krossfjellet frå bilmuseet aust for E39 der det og er turparkering. Vidare forbi gardstun og traktorveg og sti >>>

Map    

Ørnafjellet og en del til

Date:
09.07.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
9:30h

Ca 500 m før garden på Berland går det ein veg opp til Nordratjørni som er skilta Kobberstølen. Det er eit kulturminne her frå krigens dager, men la ikkje merke til noko oppslag/ info om dette. Fulgte vegen vidare gjennom tett granskog nord for Nordratjørni og så på merka men stedvis utydelig sti opp den bratte nordvestsida til Ørnafjellet. Brukte ca ein time til toppen. Gjekk ned stilaust på austsida, og kom då inn på merka sti frå Spødavoll nord for Vålandstjørni. Fulgte denne stien eit stykke sørover mot Dyrskog, og så nordover frå stidele skilta "topptur" mot Stolfjellet der det er vardebok. Det er sti til Stolfjellet også i nordsida via Spødavollstolen frå Spødavoll som ikkje er inntegna på kartet. Spødavollstolen er ein utstikkande steinknaus i fjellsida >>>

Map    

Daurmålsknuten og Skoredalsknuten

Date:
08.07.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
4:30h

Infoskilt og ein liten parkeringsplass i svingen ca 200 m før garden på Berland. Merka rute opp til Daurmålsknuten ved å følge grusvegen rett fram ca 500 m mot Mjåvatnet, og så ta til høyre på traktorveg oppover i bratt kulturlandskap. Der vegen slutter er det merka sti vidare opp til dalføret mellom Daurmålsknuten og Mjåvassknuten. Så dreier stien vestover i litt åpnere heiterreng over skoggrensa. Brukte ein god time til toppen der det er vardebok. Fulgte stien ned igjen eit stykke før eg gjekk stilaust over Mjåvassknuten og ned til vestsida av Skoredalsknuten. Svake stier/ dyretråkk opp til denne toppen. Ned igjen kunne eg følge ein stedvis utydelig sti bratt ned til Mjåvatnet. Denne stien går trulig til Landsdal ved Ørsdalsvatnet. Frå utløpet av Mjåvatnet er det god >>>

Map    

Regnådalsheii

Date:
03.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:30h

Bar med ski og gjekk på grusveg mot Veiåstøylen som var stengt med kjetting. Kunne ta på ski på ca 840 moh, og gjekk via vestsida av Lomstjørn opp mot Slarvedalen, 1225-toppen og Regnådalsheii. Vidare sørover til Hågeheii, Kjelkebrokkheii og Undermigheii. Litt meir skyer denne dagen enn dei foregåande dagane. Værvarslet gjekk ut på utrykt for enkelte regnbøyer i Agder og Telemark så eg rekna med det skulle gå greit. Det tjukna til i søraust og haurte fleire tordenskrall på veg til Undermigheii. Denne toppen viser seg nå å vere hårfint under pf 100 etter at ØK har fått 1 m-koter. På retur nordover kom uværet over meg og flerie lyn blei etterfulgt av tordenbak etter bare 2-3 sekunder. Snaut 1 km unna altså. Ingen dramatikk, men var ikkje høg i hatten mens det stod på. >>>

Map    

Lauvåsnuten

Date:
02.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:30h

Samanhengande skiføre opp den bratte nordaustsida. Måtte ta av skia 2-3 plasser på veg ned vestryggen. Vidare vestover langs snøskuterløype og oppom Slettestøylfjellet og Dammenuten. Ned igjen via snøskuterløype gjennom hyttefeltet sør for Lauvåsnuten. Bar skia det siste stykket bort til vegen og tilbake langs Bjørnevatnet. Relativt kort tur, men brukte god tid så det blei ein slags kviledag.

Map    

Krakefjell og Fagervassknuten

Date:
01.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:15h

Mindre snø her enn lenger vest, men stort sett samanhengande skiføre frå vegen. Gjekk via Djupetjørn over Bergeheii, og over dei to jamnhøge toppane på Krokevassnuten. Så ned over Krokevotni og sørover via Sjauskjerheii til Krakefjell. Her er det jernbolt/ trigpunkt oppå kampestein. Klarte å klatre oppå. Så nordover til Storeheii der eg gjekk opp ei snørenne i vestsida. Vidare til Fagervassknuten der eg gjekk opp ei sørvendt renne som var snøfri øverst. Vidare til fots opp vestryggen. Retur nordvestover og var då oppom Vardeknausen før eg traverserte langs nordsida av Bergeheii og fulgte spora mine tilbake til Myklevatn.

Map    

Vierheii og Vardsvasseggene

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:30h

Gjekk frå vestsida av Håhellervatnet over vatnet forbi Håhellerhytta og opp langs Smogedalen til Øyuvseggin. Det var stor trafikk på Suleskardvegen og mange som stoppa for å ta bilder av dei imponerande brøytekantane. Rant ned forbi sørenden av Knutstjørn. Her var ein gjeng som rasta. Eg prøvde å passere på god avstand, men ein gutt kom mot meg og spurte om eg ville ha lapper. Eg takka sjølsagt ja til det, og fekk både lapper og kaffi. Gjekk så vidare til Kalvetjørnknutane, og så nordover over Gunnarsvatnet og Ivlungsvotni og opp til Vierheii. Så vestover til Vardsvasseggene og via rosskreppdammen tilbake til Håhellervatnet.

Map    

Urdalsknuten

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:30h
Map