Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Skitur til Rudlo

Date:
05.03.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Den lange kalde vinteren gjekk mot slutten og ville derfor ta turen til Rudlo før isen og snøen forsvant. Gjekk på ski fra Bergsagel over Hølefjorden som hadde vore islagt siden nyttår. Kom i land ved brygga i Grunnevågen og gjekk oppover nordryggen til Rudlo og kunne ha skia på heile tida opp. På vei ned gjekk eg først vestover et stykke og så nordover igjen og måtte bære skia en del nedover i det kuperte skogsterrenget ned mot Bjønndalsmyra. Ikkje noko godt rutevalg ned igjen, men det var bare for å få litt variasjon på turen. Så videre ned til Grunnevågen igjen og over fjorden tilbake til Bergsagel.

Map    

Travers over Eidshornet

Date:
01.11.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Parkerte på den store p-plassen på Korsmyra. Bar med meg ski og fulgte veg og sti et stykke opp mot Geitfonnegga før eg tok på ski på drøyt 700 moh. Bratt stigning, men gode skiforhold etter all snøen så kom allerede i siste halvdel av september. Slakere stigning den siste 1½ km til Eidshornet. Vidare nord- og nordvestover til Tretindanibba så blei dagens siste topp. Gjekk så tilbake til bandet mot Oaldsegga og ned til Oaldsvatnet så eg runda i nordenden. Vidare ned til nordenden av Eidsvatnet, og så langs rv 63 tilbake til Korsmyra om kvelden. Søraust kuling, men nokså fast snø og temperatur rundt 0º. Fullmånelys kveld så brukte meste ikkje lykt sjøl om det var lett skydekke.

Map    

Skårasalen og Storhornet

Date:
26.10.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk fra Årsetsætra på snaut 500 moh på sti forbi ei kjelve og så oppover bjørkeskogen. Over tregrensa gjekk eg på ski oppove omtrent same trase som sommerstien. Det var masse skispor i området så det var sikkert folksomt her i helga. Dette var måndag og dagen begynte med strålande sol, men det blei som meldt og skya over med skodd langt nedover fjellsidene. Fekk dermed ikkje sett utsikten frå Skårasalen, men det var ikkje verre sikt enn at det gjekk greit nok å orientere seg. Var oppom Storhornet også før retur til Årsetsætra. Skygrense på 7-800 moh.

Map    

Kvitegga

Date:
22.10.2009
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Gaupefjellet og Skorvaknuten

Date:
01.05.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Kjørte lysevegen som hadde åpna etter vinterstengning dagen før. Gjekk på ski på greit føre frå Stølsdalen opp til Akslaråtjørna og videre vestover opp til Gaupefjellet. Gjekk så ned søraustover over Rundavatnet og så opp nord- og austryggen på Skorvaknuten. Gjekk så ned austover over Blesevatnet og opp til Austra Blåfjell. Retur over Blesevatnet og Rundavatnet via Langavatn turisthytte tilbake til Stølsdalen. Det var lettskya, søraust liten kuling og varmt i veret med kram samanseget snø. Optimale forhold for vårskitur, men heller ikkje meir snø enn det måtte vere.

Map    

Leirnuten og Steinkilenuten

Date:
26.04.2009
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Snønuten og Kringlenuten

Date:
25.04.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Kjørte opp til Mosvatnet og gjekk på ski frå Mostøl via Kyrkjesteindalen og Øvre Reindalen til Snønuten. Rant så ned søraustover og så opp vestover til 1488-toppen kalt Kringlenuten. Det var søraust frisk bris og første del av dagen var det fint ver men seint etter middag blei det nokså overskya og det var litt regn mens eg gjekk mellom Snønuten og Kringlenuten. Gjekk deretter ned på Kringlevatnet der eg kom inn på den kvista løypa som eg fulgte til Krossvatn turisthytte for overnatting. Kom ganske seint til hytta, og det var et par frå Jørpeland som også overnatta her denne helga.

Map    

Stakkavassheia og Holmaheia

Date:
10.04.2009
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
12:00h

Parkerte ved rv 42 ved Espetveit og gjekk på ski på vegen langs Nespervatn og Førevatn til Kulivatn og gjekk først oppom Kuliknuten og så vestover til 852 til Stakkavassheia og ned over Stakkavatnet til Holmaheia. Gjekk så ned mellom indre Fiskeløysvatnet og Stakkavatnet opp til Perstørne. Gjekk så austover tilbake til Kulivassdammen og fulgte vegen ned igjen til Espetveit. Denne vegen som går langs vestsida av Nespervatnet er ikkje integna på eldre kart. Det var overskya men oppklarnande og disig etter middag og veldig mildt denne langfredagen. Turen blei lenger enn planlagt og varte i ca 12t.

Map    

Skibufjellet og Gryteheia

Date:
29.03.2009
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk på ski frå Stavtjørn alpinanlegg sørover opp Kaldrassheia og så opp sørvestryggen til Skibufjellet. Der var det bratt og eg bar skia et stykke. Gjekk over store Grytevatnet til Gryteheia der eg hadde ein lengre pause. Så vidare austover Tindeknuten, nordover til Urknutane og austover til Ratevassknuten og Springknuten. Rant ned den slake nordaustskråninga til Hommadalen og gjekk vestover over Barbuvatnet og ned Sandvassdalen i preparert skiløype til Stavtjørna og så en drøy km gange opp til alpinanlegget. Det var lettskya ver, men 30-40 cm nysnø frå dagane før så det var en tung og tidkrevande tur.

Map    

Austra Blåfjell, Stutaheia og Hunnefjell

Date:
18.05.2008
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk på ski frå Lortabu i Hunnedalen og fulgte kvista løype til Sandvatn turisthytte og et stykke over Sandvatnet og så umerka opp den nokså slake austsida til Austra Blåfjell. Stor varde på toppen. Etter en forholdsvis fin start på dagen var det om ettermiddagen mørke skyer med lokal nedbør i vest. Derfor var det ikkje særlig utsikt den veien, men god utsikt austover mot Sirdalsheiane. Rant ned igjen på sørsida og gjekk over Midtra Blåfjell og ned på Svartavatnet og opp på Stutaheia. Gjekk så austover mot Mohelleren og sørover til Grodalstjørn og så i sikksakk opp austsida på Søre Hunnefjell før eg rant ned igjen i Grodalen og så austover igjen langs rv 45 tilbake til Lortabu.

Map